Om lag ein firedel av Suldal er verna, fordelt på 14 verneområde. Høgfjellet er ein del av eitt av dei viktigaste og sørlegaste villreinområda i landet, og Noreg er det einaste landet i Europa med ein levedyktig bestand av villrein. Her ligg også fem av dei sju høgaste toppane i Rogaland, mellom dei Vassdalseggi (1658 moh.).
Jakttips
Villreinjakta i Suldalsheiane går frå 20. august til 30. september. Du må ha bestått jegerprøva, kjøpt jaktkort og betalt jaktavgifta.
Gå i klede med sterke fargar i jaktsesongen.
Ser du villrein, trekk deg tilbake og legg ruta ein annan veg.
Hugs bandtvang 1. april–20. august og bålforbod 15. april–15. september. Test kunnskapen din på villreinsertifikatet.no.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.