Utsikt mot Suldalsvatnet frå lounge i Energihotellet.
Energihotellet © Statens Vegvesen. Foto: Dag Jenssen

Reis Grønt

Reis Grønt
Miljøfyrtårn

Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.

Suldal som eit "Berekraftig reisemål"

Suldal blei merka som eit berekraftig reisemål i 2020. "Berekraftig reisemål" er ei nasjonal ordning levert av Innovasjon Norge og gir verktøy for destinasjonar som ønskjer å arbeide målretta med å utvikle turistnæringa på ein måte som sikrar gode opplevingar i dag, samstundes som ein vernar om ressursar som gjer at fremtidige generasjonar også har grunnlaget for å dekke sine behov. Dette gjer ein ved å kartlegge over 100 indikatorar som går på økonomisk, sosial og miljømessig berekraft. Les meir om ordninga ved å klikke deg inn på "Berekraft" heilt nedst på sida.

Miljøsertifiseringar

Fleire av verksemdene i Suldal arbeider også strategisk med berekraft gjennom ulike miljømerkingar. For å gjera det enkelt å velje berekraftig på reise til Suldal er alle desse aktørane merka med "Reis Grønt" grastusten her på visitsuldal.no. Sjå alle med sertifiseringa her.