Spenn på deg skia og ta turen til Snønuten! Her er fantastsik utsikt over høgheia, og flotte nedkøyringsmoglegheiter for dei som begir seg utføre. Med solrike dagar vil denne turen garantert site att som ein av dei flottaste vårminnene.
Hugs å ferdast varsomt og vis omsyn.
Besøk kommunesenteret Sand og få kulturelt påfyll med kino eller bowling på Kulturhuset, eller kanskje ein konsert? Elles er eit besøk på Ryfylkemuseet sitt hovudhus Nesasjøhuset kjekt for dei minste. Sand har også fleire kjekke butikkar og kafèar, og på Eide ligg folkebadet Suldal bad med fleire basseng, utandørs jacuzzi, klatrevegg og sklie.
Fleire rusleturar i Suldal er ekstra flotte på vårparten når hestehoven sprett fram! Kanskje ein tur inn til Førlandsøyane eller til Dagsturhyttene på Kvilehaugen (Jelsa) eller Bjødlenuten (Suldalsosen) gir deg den gode opplevinga.
Finn fleire rusleturar og gratis turkart under "Vandring".
Besøk produsentane av vin, eplemost, kjøt, honning og mykje meir! Eller ta deg ein tur innom gardsbutikkane deira. Les om matskattane våre her.
Sjå dei flotte fossane i Suldal mens vårsmeltinga gjer dei svære! I Hylsfjorden kan du gå tett på Lingvongfossen med båt, på Sand kan du sjå Sandsfossen gjennom botnen av prisvinndane Høse bru, i Gullingenområdet kan du gå tett inn på fossen opp mot Onglanuten (frå Neikjen), og i Brattlandsdalen mellom Nesflaten og Røldal finn du den flotte rasteplassen bygd rundt Flesefossen.
Ein tur med fjellski over Reinsheia er fantastisk på solskinnsdagar. Parker ved skitrekket på Gullingen og følg spora innover Breiastølsdalen mot Sandsavatnet. I bakken ned mot vatnet ser du stikker som merkar vegen vidare av dei trødde spora og opp i lia mot Reinsheia. Etter stigninga går du langs heia til du er over Stavastølen, og her kan du renne ned att til parkeringa.
Bruk ein dag på Jelsa og kjenn smaken av sommar: her kjem våren fortare enn elles i kommunen, og ein dag i den best bevarte strandstaden i Rogaland kan brukast langs vakre tremåla hus, eit besøk i kyrkja, på stranda, ein runde på discgolfbanen, ein tur til Kvilehaugen eller Junkervarden, eller med ein lunsj på jelsa hotell.
Sjå alle overnattingstilboda i kommunen, og bestill deg ein weekendtur. Her finst overnatting i tretopphytter, Tornerose-domar, hytter nær Suldalslågen eller Suldalsvatnet, og hotell med fjordutsikt eller gullpeis!
Leig deg SUP eller el-sykkel på Joker Vatlandsvåg og ta turen innover Halvøynå. Her kan du gå kulturløypa rundt Grytevatnet, prøve fjordfisket, besøke vingard eller sjå gamle gravhaugar.
Besøk Jelsa, Økstrafjorden, Erfjord, Hebnes, Vatlandsvåg, Marvik, Sand eller Hylen med båt. Her finst turløyper, butikkar, lokale produsentar, gardsutsal, fiskemoglegheiter og kultur i kvar ein ende.
No items found.