Bilde av dame på seng med panoramautsikt
Dome med seng og spisebord
Tveita Adventure. Foto: Anne Siv Aasen
Tveita Adventure. Foto: Anne Siv Aasen
Bilde av dame på seng med panoramautsikt
Tveita Adventure. Foto: Anne Siv Aasen

Tveita Adventure, Ropeidhalvøya

Bu i ein stemningsfull "Dome" i fjordriket på Ropeidhalvøya. Her får du fred, ro og fjordutsikt så langt du kan sjå. Om kvelden får du utforske stjernehimmelen over frå senga!

I eitt med naturen

Med skogkledde åsar og fjordar så langt ein kan sjå kan du og dine kjære slå dykk til ro ved den flotte "Dome"-en til Tveita Adventure på Ropeidhalvøya. Domen er utstyrt med dobbelseng, spisebord, kjøkken og utandørs toalettbygg. Frå Domen kan du sjå båtar som køyrer innover Ryfylkefjordane, utforske stjernene på nattehimmelen og nyte fredfulle timar.

Spanande Ropeidhalvøya

Ropeidhalvøya er eit idyllisk fjordrike med flotte, bordgøymde badeplassar, flotte turstiar og fjordarmar som berre ventar på bli utforska. Ta turen til lokalbutikken i Vatlandsvåg for å leige båt eller sykkel, besøk vingarden på Hebnes som på 1200-talet var heimen til den største høvdingen i Ryfylke eller ta inn utsikt i alle retningar frå "donninga" på Ropeidhalvøya: Grytenuten.

Tveita Adventure, Ropeidhalvøya

Domen er 38 m2, og har innlagt strøm, kjøleskap og koketopp.

Domen har ein kapasitet på 2–4 personar, med ei dobbeltseng. Det er moglegheit for ei oppblåsbar dobbelseng, eller du kan overnatte i hengekøyer som er stasjonert rett utanfor teltet.

Tveita Adventure, Ropeidhalvøya
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Skattar

No items found.

Bli inspirert

No items found.

Hytter

/

Bilde av room i B&B hjå Drøs

Drøs Overnatting

Bu i hjartet av Sand i eit historisk bygg frå 1890 over den urbane kaféen Drøs.

Mo Laksegard

Mo Laksegard, Sandsbygda

Utforsk Mo Laksegard i Suldal for enestående lakseopplevelser, lokal mat og unike overnattingsmuligheter ved Suldalslågen. Perfekt for natur- og matentusiaster.

Bilde av gardstun

Børkjenes gard: Ferieidyll på gamalt vis

Kom tett på Suldal si rike historie, kulturarv og særprega fjellgardsmiljø ved å overnatte på Børkjenes Gard i Hamrabø. Her har de valet mellom ekte ferieidyll på gamalt vis i anten i deira to stølar oppe i Hamrabøheia eller med meir moderne fasilitetar i Kårhuset.

Vikane Hyttetun

Vikane hyttetun, Suldalsosen

Det over 100 år gamle gardstunet ligg eit steinkast frå Suldalsvatnet. Nyt ein avslappande ferie i di private hytte, ta deg eit bad eller samle familien nede i grillstova om kvelden.

Osa Bu

Osa- Bu, Suldalsosen

På Suldalsosen kan du oppleve den fantastiske suldalsnaturen som gjest hjå Osa-bu, som har både hytter og pensjonat. Her har du gåavstand til Suldalsvatnet, som blant anna er kjent for Suldalsporten.

Hebnes Fjordferie

Hebnes Fjordferie, Ropeidhalvøya

Hjå Hebnes Fjordferie kan du nyte båtlivet og andre fantastiske naturopplevingar. Her er det kort avstand til strand og fiskemoglegheiter.

Mo Feriehytter

Mo Feriehytter

Eit tradisjonsrikt hyttetun tett på Suldalslågen. Garden har eige møterom for grupper og fiskerettar til elva.

Lågatun hytter

Lågatun hytter, Nedre Suldal

Hjå Lågatun kan du leige hytter med fantastisk utsikt over Suldalslågen. Her kjem storfiskarar på jakt etter den store laksen kvart einaste år!

Stranddalen

Stranddalshytta, Gullingen

Stranddalen Turisthytte blir ofte kalla "Perla i Ryfylkeheiane". Hytta ligg til i flott fjellnatur 1000 meter over havet. Om sommaren tilbyr dei deira fantastiske trerettars middagar.

Lindum camping

Lindum Camping, Suldalsosen

Lakseslottet Lindum er eit imponerande bygg frå tida då engelskmennene kom til Suldal for laksefiske. I dag tilbyr dei camping og hytter i avslappa omgjevnadar.

By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.