Gjennom QR-punkta på Laksestudio kan du få ei innsikt i den rike historia rundt Suldalslaksen og Suldalslågen.
Suldalslaksen og rettar til lågen har vore utgangspunkt for usemje og kniving i Suldalssamfunnet i mange hundre år, og saka har faktisk vore oppe i høgsterett ei rekke gonger. Ved elvemunningen til Suldalslågen kan du besøke det som er Noregs eldste laksestudio. Her kan du i sommarsesongen sjå laksen som tek seg oppover laksetrappa ved Sandsfossen som ein del av deira naturlege vandring frå havet til elva for å gyte, og du kan lera meir om historia rundt laksen. Ved å scanne utvalgte punkt i studio vil du få opp ein video eller eit lydklipp som gir deg eit lite glimt av av historia.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.