Suldal har i over 110 år vore ein av dei viktigaste kraftkommunane i Noreg. Historia starta i 1913 med Sand kraftstasjon, og i 1974 starta bygginga av Ulla-Førre, Nord-Europas største vasskraftprosjekt. I dag produserer Suldal om lag 8 prosent av all straum i landet og er framleis Noregs største kraftkommune.
Krafttips
Køyr inn til Blåsjø, Noregs største kraftmagasin, halde på plass av 11 dammar.
Gå rundt på Nesflaten og sjå funksjonalistisk arkitektur frå kraftutbygginga, og overnatt på Energihotellet.
Sjå krafta i vatnet ved Sandsfossen, der Suldalslågen møter fjorden.
Blåsjøvegen er open mellom juli og oktober og stengjer når snøen legg seg. Statkraft har anleggsarbeid (2025–2028) som kan gje periodevise vegstengingar, så sjekk vegstatus på vegvesen.no.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.