Blåsjø ligg i Suldalsheiane og er Noregs største energimagasin, halde på plass av 11 små og store dammar. Storvassdammen er Noregs største fyllingsdam, Oddatjørndammen den høgaste, og Førrevassdammen er 1270 meter lang og 90 meter høg. Vegen inn går frå Rv13, forbi Gullingen Turistsenter og over fjellet.
Krafttips
Køyr inn til Oddatjørndammen eller Førrevassdammen, der det er veg og parkering heilt fram.
Betal bompassering på youpark.no innan 48 timar, eller kjøp sesongkort.
Vis omsyn til villreinen: det er ikkje lov med motorisert ferdsel inn til Storvassdammen.
Vegen er som regel open mellom juli og oktober og blir stengd når snøen legg seg. Blåsjø er også fin for sykkelturar på fjellvegane.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.