Krafta som forma Suldal

Vatnet har sett spor – i landskapet, lokalsamfunnet og historia vår.

Suldal er ein av Noregs viktigaste kraftkommunar. Gjennom meir enn hundre år har vasskrafta skapt arbeidsplassar, utvikling og store endringar i samfunnet. I dag er kraftproduksjonen framleis ein viktig del av Suldal sin identitet.  

Krafthistoria til Suldal går tilbake til tidleg på 1900-talet. I 1916 opna Sand kraftstasjon, som gav elektrisk lys til innbyggjarane. På 1960-talet kom den store Røldal-Suldal-utbygginga med kraftverka Suldal I og Suldal II på Nesflaten. Utbygginga skulle sikra kraft til Norsk Hydro sitt aluminiumsverk på Karmøy, og sette varige spor i både landskapet og lokalsamfunnet.  
I 1974 starta arbeidet med Ulla-Førre, som skulle bli eit av dei største vasskraftanlegga i Europa. Utbygginga sette djupe spor i Suldal, og var med på å forma Suldal slik me kjenner kommunen i dag.
I dag kan du oppleva denne historia fleire stader i kommunen – frå imponerande damanlegg i høgfjellet til særeigen arkitektur og levande bygdesamfunn.  

Opplev krafthistoria i Suldal
‍
‍Blåsjø – Noregs største kraftmagasin

Høgt opp i Suldalsheiane ligg Blåsjø, Noregs største kraftmagasin målt i energiinnhald. Magasinet dekkjer eit område på over 82 km2 og blir halde på plass av elleve dammar. Her finn du nokre av dei mest imponerande byggverka i norsk vasshistorie. Storvassdammen er Noregs største fyllingsdam, Oddatjørndammen er den høgaste fyllingsdammen, medan Førrevassdammen er Noregs største betongdam. Damanlegga er eit imponerande døme på norsk ingeniørkunst i møte med storslått høgfjellsnatur.  
Praktisk informasjon:
Tilkomst til Blåsjø skjer via Gullingenområdet. Det er bomavgift på Blåsjøvegen, og det gjeld restriksjonar for motorisert ferdsel i delar av området. Vegen er i utgangspunktet open i perioden juli-oktober, men kan vere avgrensa av vêrforhold og anleggsarbeid. Besøkjande må difor gjera seg kjende meg gjeldande informasjon før dei legg ut på tur.  

Sjekk for informasjon her

Les meir om Blåsjø her
‍

‍Nesflaten – arkitektur forma av kraftutbygginga

På Nesflaten , ved Suldalsvatnet, finn du eit av dei best bevarte arkitekturmiljøa frå kraftutbygginga på 1960-talet. Arkitekten Geir Grung sette sitt særmerkte preg på bygda gjennom utforminga av bustader og bygningar knytte til Røldal-Suldal-utbygginga.
Dei flate taka, stor vindaugsflatene og bruken av betong skil seg tydeleg frå den tradisjonelle byggjeskikken i området. I dag kan du oppleva dette spesielle arkitekturmiljøet på ein rusletur gjennom bygda, som ligg langs Nasjonal turistveg Ryfylke.  
Ein sentral del av dette miljøet er Energihotellet, opphaveleg bygd som administrasjonsbygg for kraftutbygginga. I dag kan du overnatta og nyta eit måltid i dei historiske omgjevnadane, med utsikt over Suldalsvatnet.  

Opplev kraftarkitekturen på Nesflaten

Les meir om Energihotellet
‍

Hylsfjorden – fjordlandskap og vasskraft

Hylsfjorden er ein smal fjordarm omgitt av bratte fjellsider, fossar og små bygdesamfunn. Inst i fjorden ligg i Hylen kraftverk, som er ein del av Ulla-Førre-utbygginga og nyttar vatn frå Suldalsvatnet til kraftproduksjon.  
Kraftverket blei sett i drift i 1981 og ligg inne i fjellet. Det særmerkte portalbygget er synleg i landskapet. Arkitekturen er knytt til Egil Sorteberg, og portalbygget blei freda av Riksantikvaren i 2020, og er eit interessant døme på norsk kraftarkitektur frå 1980-talet.  
Hylsfjorden byr på storslått fjordnatur, der kraftutbygginga har sett spor i landskapet og er ein viktig del av historia.  ‍

Oppdag Hylsfjorden
‍

Sandsfossen – der vasskraft og laksehistorie møtes ‍

Der Suldalslågen møter Sandsfossen, ligg Sandsfossen. Fossen er ein del av eit av Noregs mest kjende laksevassdrag, og vassføringa i elva er påverka av dei store kraftutbyggingane i Suldal.  
Ved fossen finn du Noregs første laksestudio, der du kan sjå inn i laksetrappa og læra meir om villaksen og livet i elva. Her møtes natur, laksehistorie og forteljinga om korleis vasskrafta har påverka Suldalslågen.  

Les meir om Sandsfossen ‍

‍

Planlegg besøket

Opplev historia om krafta som forma Suldal – frå dei mest imponerande damanlegga i høgfjellet til kraftarkitekturen på Nesflaten og landskapet langs Fjordane og Suldalslågen.  

Følg lenkene til dei ulike opplevingane for meir informasjon og praktiske tips før besøket.  

‍

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

EnergihotelletUfo Foto: Dag Jenssen

Energihotellet, Nesflaten

Utforsk Energihotellet på Nesflaten - en unik blanding av designarv og natur, tilbyr lokal matkultur og uforglemmelige opplevelser ved Suldalsvatnet.

dame som serverer kaffi

Drøs, Sand

Drøs ligg i hjarta av strandstaden Sand, med både inne- og uteservering. Her får du moderne og friske smakar kombinert med tradisjonskost!

To personar i vinhage

Hebnes vingard

Tett ved fjorden på Hebnes finn du Hebnes vingard. Her kan du få omvisning i vinhagen og smake på gardens vinar.

Jelsa hotell

Jelsa Hotell, Jelsa

Opplev Jelsa Hotell i Ryfylke: Moderne komfort i historisk strandstad. Nyt lokale matskattar og unike opplevingar ved fjorden. Bestill ditt opphald no!

Lindum camping

Lindum Camping, Suldalsosen

Lakseslottet Lindum er eit imponerande bygg frå tida då engelskmennene kom til Suldal for laksefiske. I dag tilbyr dei camping og hytter i avslappa omgjevnadar.

Person som serverer mat til gjest

Kulp Bistro, Sand

Opplev ekte smakar på Kulp Bistro, Sand: Nyt lokale delikatesser, heimelaga middag, og kanskje kan det freista med ein burgar? Perfekt for familie og venner.

Fleire Bli inspirert

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.