På laksesafari med Mo Laksegard flyt du fritt med straumen i Suldalslågen, iført tørrdrakt, snorkel og maske. Turen tek om lag 2,5 timar og går både gjennom grunne parti og over kulpar som er over 12 meter djupe.
Safaritips
Faste turar går onsdag og laurdag i sommarsesongen. Grupper på over seks personar kan bestille tur utanom sesongen.
Du må vere minst 14 år og kunne symje. Turen passar ikkje for deg med epilepsi eller sjukdom som blir utløyst av kulde eller stress.
Ta med varmt undertøy. Tørrdrakt, sko og dykkarmaske får du utlevert.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.