Laksesafari
Laksesafari © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Laksesafari
Laksesafari © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Laksesafari - Flyt ned elva med fisken

Foss/elv
Fiske
Fjell
Symjing
Miljøfyrtårn

Iført tørrdrakt, snorkel og maske, flyt du fritt med straumen i Suldalslågen. Nokre stader så grunt at det følast som ein må knipe inn magen for ikkje å skrape mot dei flate steinane på elvebotnen, andre stader passerer du hølar meir enn 12 m djupe. Dette er eit natureventyr av ei anna verd. Ein laks piler forbi, ein anna står og stangar mot straumen. Vegetasjonen under vatn skifter mellom grøne vassplanter, fin sand og lyse, glatte steinar. Ein guide flyt med gruppa i vatnet, ein guide føl gruppa i kano. Utstyr og krav til deltaking


Du må vera minst 14 år, symjedyktig og ikkje ha epilepsi, eller andre sjukdomar som framkallast av kulde eller stress. Ta på innerst varmt godt undertøy. Resten av kleda som tørrdrakt, sko og dykkarmaske får du av oss. Ein guide føl deltakarane i vatnet, og ein i kano. Tryggleiken står i fokus. Etter gjennomgang av sikkerheit får deltakarane prøva å flyta i symjebassenget før ein legg seg uti elva. Med dette så vil ein uansett flyte i overflata utan å søkkje.

Min: 6 personar
Max: 30 personar
Pris: kr. 850,- pr. person
Varigheit: 2 ½ time


 

Laksesafari - Flyt ned elva med fisken
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
console.log(false);