Sand safari er ei aktivitetsløype for heile familien gjennom Sand sentrum, med 40 merka skilt. Ruta går langs fjorden, elva og fossen og forbi historiske bygg, og QR-punkt fortel om prestar, stavkyrkje, storbrannar, lakselordar og kraftutbygging.
Turtips
Start ved Nordenden i sentrum, eller der du sjølv vil. Ruta følgjer Suldalslågen opp forbi Sandsfossen, Laksestudio og Høsebrua.
Ta ein pause på kafeane i Sand sentrum eller på Garaneset.
Vil du gå lenger, kombiner ruta med stinetta på Fiskebergåsen eller Stegåsen.
Stien er lagt opp etter prinsippa for universell utforming og går langs brei veg med asfalt eller grus.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.