Bru over elv
Høsebrua © Skattkammeret Suldal. Foto: Marit Larsen
Skilt ved fjord
Ved fjorden © Skattkammeret Suldal. Foto: Marit Larsen

Sand safari

Sand safari er ei spanande aktivitetsløype som eignar seg godt for heile familien. Løypa tek deg gjennom heile kommunesenteret med kjekke stoppunkt og opplevingar undervegs. Langs løypa er det 40 skilt merka "Sand safari" som viser veg.

På tur langs Sand safari løypa kjem du tett på fjord, elv, foss, historiske bygg og bygdeliv. Lands ruta finn du også ulike QR punkt som gir deg ei innsikt i den rike historia til strandstaden med prestar, stavkyrkjer, storbrannar, lakselordar og bygging av kraftstasjonar.

Turen går frå «Nordenden» i Sand sentrum langs fjorden, og vidare opp ved elvemunningen til den kjende lakseelva Suldalslågen. Her føl du elva oppover forbi Sandsfossen, Laksestudio og den prisvinnande Høsebrua. Frå Høsebrua kan du ta turen på begge sider av elva opp til Garaneset før turen held fram opp til Eide der ein kjem forbi Sand skule, idrettsanlegg og flotte Suldal Bad. Turen tilbake til Sand gir ein fleire flotte utkikkspunkt ut over Sandsfjorden. Ein kan starte ruta der ein sjølv ønskjer.

Turen eignar seg for born og vaksne i alle aldrar. Her kan ein legge inn stopp ved kafear i Sand sentrum og ved Garaneset. Ein kan også legge inn stopp ved Laksestudio, Sandsfossen og klatreparkar.

For dei som ønskjer ein lengre tur kan ein kombinere Sand safari med ein tur i turnettverket i Fiskebergåsen eller Stegåsen. Frå Fiskebergåsen får ein fantastisk utsikt over heile kommunesenteret, medan ein frå Stegåsen kjem ein seg til Hellandsnuten der ein har utsikt over fem fjordar. Ein kan også fortsette turen langs sti vidare oppover elva frå Garaneset.

Godt tilgjengeleg: Denne turstien er sett opp etter prinsipp for universell utforming og går langs brei veg, som anten er asfaltert eller grus. Ein må rekne med variasjon i stigning på denne ruta.

Sand safari
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.
console.log(false);