Turen frå Vatlandsvåg kai til Finnvik går langs elv, fjord og gardar på Ropeidhalvøya. Du tek av ved skiltet mot Finnvik og Bygdeborg kulturminne og syklar på ein smal veg gjennom landbruksområde. Undervegs har du utsikt over vatn, elv, fjord og fjell.
Sykkeltips
Ruta er 7,7 km kvar veg og har ingen tunnelar.
Parker ved Joker Vatlandsvåg eller ved båthamna.
Lei e-sykkel i butikken om du vil ha hjelp opp bakkane.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.