Med e-sykkel kjem du tett på naturen og bygdelivet i Suldal, og får litt ekstra hjelp i motbakkar og motvind. Ein liten motor gjev deg kraft når du sjølv ønskjer det, og du bestemmer kor mykje han skal hjelpa. Ein kjekk aktivitet for heile familien.
Sykkeltips
Lei e-sykkel på Ryfylke Fjordhotel og basecamp eller Suldal Turistkontor i Sand, Mo Laksegard i Sandsbygda, Energihotellet på Nesflaten eller Joker Vatlandsvåg på Ropeidhalvøya.
Ta ein roleg familietur langs Ritlandsvatnet i flatt terreng, eller ved fjorden rundt Erøyna i Erfjord.
Vil du ha meir? Sykkelturen frå Nesflaten til Mosvatnet går på smale anleggsvegar med utsikt over Suldalsvatnet.
Hugs at motoren berre går når pedalane går rundt. Fleire sykkelturar finn du under «Sykkel».
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.