Turen startar på Nesflaten, forbi Kilen, eit av dei best bevarte områda i funksjonalistisk stil i Noreg, teikna av Geir Grung. Vidare går ein smal asfaltveg frå anleggstida tett på Suldalsvatnet, forbi fossar og bekkar, før vegen stig opp i fjellet. Etter 620 høgdemeter kjem du fram til Mosvatnet.
Sykkeltips
Ruta er 19 km med 620 høgdemeter og gjennomsnittleg stigning på 5 %.
Det er tunnelar på ruta, så hugs refleksvest og lys.
Ved Mosvatnet kan du bada, fiska og gå tur. Hugs fiskekort.
Undervegs passerer du startpunktet for turen til Nipe. Treng du sykkel? Lei e-sykkel på Energihotellet på Nesflaten.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.