Her er ti tips til kjekke aktivitetar i ferien.
1. Utforsk over 70 km med merka skiløyper i Suldalsheiane. Me har også skitrekk, lysløyper og skileik. Skikartet finn du på visitsuldal.no og ved utvalgte butikkar. Følg med på «Løypekjøraren på Gullingen» på Facebook for siste nytt frå skispora.
2. Få med deg kjekke kulturarrangement på Kulturhuset i Suldal. Måndag den 28. februar kjem også barneteateret «God natt, Herr Dukkemann». Bowlingen held ope 26. februar til 5. mars mellom 11:00-16:00. Det blir også kjekke filmar på kinoen gjennom heile vinterferieveka. Les meir på suldal.kulturhus.no
3. Betre skiteknikken med skikurs i regi av Suldal skigleder. Dei arrangerer kurs heile vinterferieveka i klassisk ski og skøyting. Påmelding skjer via suldalskigleder.com.
4. Ta med familien på fastelavenskos og fotostudio på Ryfylkemuseet. Laurdag 26. februar lagar dei fastelavensris og søndag 27. februar lagar dei fastelavensrollar i kafeen. Resten av veka kan de kle dykk i gamle klede og bli tatt historiske bilde av. Utstillingane Kvitebjørnen og Vølt held ope heile veka. Les meir på ryfylkemuseet.no
5. Ta deg ein handel i kommunesenteret Sand med koselege kafear, nisjebutikkar, daglegvare og vinmonopol. Kjernetid er 09:00-16:00 kvardagar (langope til 18:00 torsdagar) og 10:00-15:00 laurdagar. Gode tilbod får du på Facebook «Sand i Suldal».
6. Unn deg eit besøk til våre kafear KULP, Fargeriet eller Brunsj. KULP har eigen vinterferiemeny. Sjekk ut KULP på Facebook!
7. Utforsk kjekke turar i grendene våre. Her finn du turar som passar alle ønskje, anten det er ein roleg rusletur langs elva eller ein dagstur til ein storslagen topp. Turkart for alle grender får du på visitsuldal.no og på utvalde butikkar.
8. Ta med deg storfamilien og leig deg badstue og badestamp for ein kveld. Ved Mo Laksegard får de utsikt over Suldalslågen (molaks.no) og frå Vikane hyttetun (vikane.no) vil de vera eit steinkast frå Suldalsvatnet.
9. Nyt herlege timar i Suldal sitt folkebad og badeland: Suldal Bad. Her finn de sklie, hoppetårn, badstue, terapibad og mykje meir. Badet held ope alle dagar bortsett frå måndag frå 12:00-18:00. Les meir på suldal.bad.no.
10. Få med deg pubqiuz og trubadurkveld ved Ryfylke fjordhotel/Ryfylke basecamp fredag 25. februar. Elles får du afterski med vafler og kakao, Beer & Burger meny og avslappa stemning ved hotellet. Dei leiger også ut kajakk og el-syklar.
I Suldal kan du overnatte på ei rekke flotte hotell og hytter der du får utsikt over fjordar, vatn, elv og høge fjell. Fleire har også gode tilbod for vinterferien. Oversikt over overnattingsstader finn du her.
Oversikt over arrangement finn du i arrangementskalenderen her eller ved å laste ned appen "Visit Suldal".
No items found.