Menneske på skitur.
Skitur © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto.
Menneske i boblebad
Skitur © Skattkammeret Suldal. Foto: Ryfylkefotografen

Topp 10 vinteropplevingar

Nyt gode vinterdagar i Skattkammeret Suldal. Her kjem du raskt frå fjorden med livlege grendesentrum til høgheia med område med preppa skiløyper og gode opplevingar for sesongen. Her er våre 10 beste tips til kjekke vinterdagar i Suldal.

1. Vinterens skiløyper og spanande terreng

I Gullingen-området finn du flotte skiløyper for alle aldrar og ønskje.

Ta med deg ei god niste og nyt ein dag i fjellet.  

Grunna snømengde anbefalar me at ein følgjer ekstra med på «Løypekjøraren på Gullingen» si facebookside - https://www.facebook.com/Loypekjoraren .

Her får ein siste nytt frå skiløypene i området.

 

2. Ta med familien til Suldal Bad

Suldal sitt eige folkebad, Suldal Bad, byr på symjebasseng, terapibad, klatrevegg, sklie, hoppetårn, badstue og utandørs boblebad, alt med fantastisk utsikt over fjordlandskapet.

Sjå opningstider, tilbod og billettar på www.suldalbad.no

 

3. Nyt god lokalmat frå Suldal og regionen

I Suldal kan du velja blant ei rekkje gode kafear og restaurantar der lokale tradisjonar står sterkt. Få deg ein hjorteburgar, lakserett eller after-ski-lunsj, nyt ein firerettars middag på designhotell, bli med på guida tur i gardsbryggeri eller ta middagen med panoramautsikt over Sandsfjorden.

Fleire stader i Suldal er det også gardsutsal der du kan ta med deg dei beste råvarene heim eller til hytta.

Oversikt over matopplevingar i Suldal finn du på nettsida vår under "Matskattar i Suldal" under "Bli inspirert".

 

4. Tur-ski-orienteringa 2026

Tradisjonen tru tilbyr Suldal O-lag Tur-ski-orientering i Gullingen-området. Suldal O-lag set ut 40 tur-O-postar her. Heile familien kan prøva seg på tur og finna postane.
Les meir HER

Ved lite snø i løypene, kan du ta postane til fots, eller finne fram truger og stavar. 

 

5. Velkommen til Ryfylkemuseet sitt hovudsete Nesasjøhuset på Sand

Nesasjøhuset har både museumsbutikk, utstillingar for store og små og ikkje minst deira interaktive og populære Kvitebjørnen.  Her kan du lytte og sjå, kle deg ut som prinsar eller prinsesser og klatra i dei tre slotta.

Les meir om opningstider og Ryfylkemuseet HER:  www.ryfylkemuseet.no

 

6. Besøk kommunesenteret Sand med kafear og lokale butikkar

På Sand finn du gode og hyggelege butikkar med det meste ein treng. Her finn du mellom anna klesbutikkar, bokhandel, apotek, elektronikk, møblar, sko, interiør og daglegvarebutikkar.

Følg gjerne med på https://www.facebook.com/sandisuldal for opningstider og informasjon.

Kafear som Kulp og Drøs mat & kaffebar tilbyr mangfald av gode rettar med lokale råvare. Få med deg den tradisjonelle komletorsdagen!

Du finn også bensinstasjon/verkstad, serveringsstader, overnatting, treningssenter, museum og daglegvarebutikkar på Sand. Sjå oversikt HER

 

7. Vintertur til fots

Suldal er eit Skattkammer også for den ivrige turgåaren med 5 av dei 7 høgaste toppane i Rogaland. Heile året kan du nyta eit rikt nettverk av toppturar, rundturar og meir avslappande ruter for alle nivå og ønskje.

 Her får du fantastisk utsikt over fjord og fjell som lønn for strevet, eller du kan ta deg ein kortare tur eller prøve kulturløypene våre.

Visste du at me har fleire dagsturhytter i Suldal? Ei på Jelsa og ei på Suldalsosen.

Du finn meir informasjon HER

Ta med deg ei god niste, varm drikke og den gode stemninga. God tur!

 

8. Få flotte naturopplevingar i grendene våre

Frå kvar enkelt grend i Suldal får du flotte naturopplevingar tett på fjord, fjell, vatn og elv. Frå Ropeidhalvøya kan du ta inn fjordlandskapet frå Grytenuten, på Suldalsosen kan du vandra langs Suldalslågen og i Erfjord kan du ta ein rusletur i fjordkanten. Du får tak i Suldalsbrosjyren og turkart for alle grender ved utvalde butikkar rundt om i kommunen, og på Suldal turistkontor. Du finn også turkarta digitalt HER: 

Turkart Ropeidhalvøya

Utsyn over Ryfylkebassenget frå Grytenuten

Turkart Suldalsosen

Turkart Sand

Turkart Nesflaten

Turkart Gullingen

Vanvik trail map

9. Ta med deg familien på kino, bowling og kulturopplevingar

Kulturhuset i Suldal tilbyr kino med dei nyaste filmane fleire dagar i veka. I tillegg har dei eigen bowlingbane med tre banar. Gjennom heile året tilbyr Kulturhuset ei rekkje gode konsertar og framsyningar for alle aldrar. Kino- og kulturprogram finn du  på www.suldal.kulturhus.no

10. Senk pulsen hjå våre hytter og hotell

I Suldal kan du velje på øvste hylle blant flotte overnattingsstader, frå designhotell i fjellbygd til laksegard og tradisjonsrike hytter ved vatn, elv og fjord. Full oversikt over våre hytter og hotell finn du her. Kanskje kunne utsikta frå saunaen til Ryfylke Fjordhotell kunne freista?

 

Ønskjer du fleire forslag til gode opplevingar i Suldal kan du lese her. Me høyrer også meir enn gjerne frå deg på suldal@visitsuldal.no eller via melding på Facebook og Instagram om du treng hjelp eller tips til planlegginga!

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.