Jelsa

Junkervarden. © Skattkammeret Suldal. Foto: Anna L. Vaage.

Velkommen til kulturløypa på Jelsa!

Kulturløypa på Jelsa ei interaktiv løype i Jelsa sentrum der du kan lære meir om historia til den best bevarte strandstaden i Ryfylke.

Turen tek deg tett på fjorden og kvardagslivet i strandstaden. Langs løypa finn du ulike QR-punkt, og ved å scanne desse vil få opp ein video eller eit lydklipp som gir deg eit lite glimt av av historia. Du veljer sjølv om du ønskjer å ta heile løypa, eller om du vel ut ruter innanfor tema du interesserer deg for. Du kan bruke kartet her på sida, ved å laste ned appen vår eller ved å hente eit kart på Suldal turistinformasjon.

KVA ER EIGENTLEG EI KULTURLØYPE?

Målet med kulturløypene i Suldal er å gi fastbuande og besøkjande ei lita innsikt i den rike historia til dei ulike grendene våre, og kommunen som ein heilskap. I form av QR-punkt ønskjer me å sikre at alle får den same gode opplevingane og kan ta del i dei same gode historiene, uansett når på året ein kjem på besøk. Denne løypa er berre ei av fleire spanande kulturhistoriske løyper i Suldal.

På Ropeidhalvøya kan du ta vikingløypa der du mellom anna kan høyre historia om den største vikinghøvdingen i Ryfylke: Torstein av Heimnes. Sand safari-løypa i kommunesenteret gir deg ei innsikt i den spanande historia til strandstaden tett på Sandsfjorden.

Kulturløypene i Suldal er eit samarbeidsprosjekt mellom Suldal kommune, Suldal Vekst, Visit Suldal, Kulturhuset i Suldal v/ drama, Ryfylkemuseet, grendeutvala i kvar enkelt grend og ei rekke andre lokale krefter.  

APP

Løypa er tilgjengeleg i appen «Visit Suldal» som du kan lasta ned gratis i App Store. Appen kan du bruka til å skanne QR-punkta på skilta langs løypa, og få meir informasjon om staden du er på.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.