Velkommen til Skattkammeret Suldal i sommar

Vill natur og prisvinnande arkitektur.
Lakseelvar, levande bygder og fjelltoppar heilt for deg sjølv.
Skattejakt omslag

I Suldal har me ei rekke gode skattar som har blitt haldt skjult for folk flest. Med hjelp av vårt skattekart kan du finne alle dei flottaste fjelltoppane, kjekke badeplassar og spanande opplevingar over heile kommunen. Me har også gøymd ulike skattar som du kan finne! Klarer du løyse ledetrådane?

Ønskjer du eit skattekart? Fyll inn skjemaet under så kjem det snart eit kart i posten til deg!

Takk, bestillinga er mottatt!
Det skjedde ein feil ved innsending. Prøv gjerne på nytt.

TOPP 10 SOMMAROPPLEVINGAR

I Suldal har me ei rekke gode opplevingar gøymd mellom våre høge fjell og djupe fjordar. Kva med ein tur til Rogalands høgaste topp eller kanskje du vil finne ei badestrand du kan ha heilt for deg sjølv?

Les meir om våre sommarskattar her

SOMMARPROGRAMMET

I sommar kan du få med deg torgutsal i Sand sentrum, dra på laksesafari, utforske handmåla kyrkjer, delta på gatevandring, nyte utandørs boblebad og utforske årets kunstutstilling på kulturhuset.

Sjå sommarprogrammet her

EIN STAD Å SLÅ SEG TIL RO

I Suldal finn du ei rekke flotte hotell og hyttetun der du kan velje utsikt frå øvste hylle. Her kan du vakne til utsikt over fjorden, vestlandets mest vassrike elv, Suldalsvatnet eller vilt fjellandskap.

Finn din base for ferien

SLOW-FERIE I SULDAL

Ferie handlar om å ha tid og plass til å nyte gode stunder og opplevingar med dei næraste. Det handlar om å nyte lukta av nytrakta kaffi og om å ha tid til å stoppe ved det flotte utkikkspunktet.

Les våre tips til slow-ferien her

DAGSTURAR

Suldal ligg midt mellom Preikestolen og Trolltunga, og er det perfekte utgangspunktet for å utforske regionen. Her kan du dra på grendesafari gjennom kommunen, ta båtvegen ut til Stavanger og oppleve Blåsjø, som er ein del av Nord-Europas største kraftutbygging.

Les meir om våre utvalde dagsturar her

FJELLTOPPAR OG ROLEGE RUSLETURAR

I Suldal kan du bestige dei høgaste fjelltoppane i Rogaland, besøke ei av våre mange turisthytter, komme tett på fjord, elv og vatn på våre sentrumsnære rusleturar og prøve deg på den gjeve "nutfant"-tittelen ved å bestige seks utvalde fjelltoppar.

Les meir om fjelltoppar og turmoglegheiter her
Suldal logo