Det første møtet med Suldal på veg innover Ryfylkebassenget er bygdene Hebnes og Jelsa, som dannar ein “port” for ferdselen vidare innover regionen. Frå kaien på Jelsa kan du ta turen gjennom den historiske strandstaden, nyta dei lokale Jelsajordbæra og ta ein tur i nærområdet. Jelsa Hotell tilbyr overnatting og lokale smaksopplevingar på bestilling. Økstrafjorden i aust er ein av deifinaste og lunaste fjordane for båtliv i Ryfylke, der du kan få omvisning ogsmaksprøvar av eplemost og -sider på Fuglestein Fruktgard og bli med AktivFuglestein på SUP-tur. Barkaneset, Habn badestrand og Hattavågsholmen er verdt å få med seg.
Tips til stopp:
Ein korttur vest over fjorden ligg Hebnes, som i vikingtida var heimen til høvdingen Torstein av Heimnes. Like ved minnesmerket hans kan du besøkja den første vingarden i Rogaland! Etter besøket anbefaler me ein tur innover Sjøbuholsvågen og Vatlandsvåg. Sjøbuholsvågen er nesten heilt innelukka med god skjerming, og har gjestebrygge, bålplass og gode fiskemoglegheiter. Vatlandsvåg har romsleg gjestehamn med oppdatert sanitæranlegg og eigen Joker-butikk.
Tips til stopp:
Vidare innover Sandsfjorden ligg handelsstaden og fjordbygda Sand. Legg deg til i gjestehamna og nyt ein avslappande dag med handel, museum og lokalesmaksopplevingar på Drøs, Kulp og Ryfylke Fjordhotell. Drøs har sitt mikrobrenneri og bakeri, medan ein på Ryfylke Fjordhotell kan læra meir om siderproduksjonen deira. Laksestudio, kulturhus, badeland og turnettverk ligg i gåavstand frå sentrum. I Sandsbygda kan du besøkja gardsbutikken til Træ Gården og bli med inn i gardsbryggeriet til Mo Laksegard.
Tips til stopp:
Les meir om Matskattar frå Suldal her.
No items found.