Toppturen til Natlandsnuten gjev panoramautsikt over fjell og fjordar, og passar både sommar og vinter. Turen er 10 km, tek 4–5 timar og er gradert som krevjande (raud). Høgste punkt er 964 moh.
Turtips
Start ved parkeringsplassen på Hedlebrekk og gå traktorvegen ned mot Vassvikane.
Følg grusvegen nokre hundre meter, gå vidare mot Frøkjedalsvatnet og rund vatnet før stigninga mot toppen.
Om vinteren kan du gå i kvista løyper frå Hedlebrekk eller Mosvatnet, merka på skikartet til Gullingen Turistsenter.
Ta av frå Rv13 mot Gullingen og køyr mot Hedlebrekk etter stigninga opp fjellet.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.