Toppturen til Onglanuten passar for heile familien, og på veg ned kan du stoppe ved Perskårsfossen for ein forfriskande dusj. Turen er 7 km, tek 2–3 timar og er gradert som middels (blå). Høgste punkt er 760 moh.
Turtips
Parker ved Neiken, på platået etter stigninga mot Gullingenfjellet, eller ved Gullingen Turistsenter.
Følg vegen mot Stavastølen og ta av på stien for rundturen rundt Skute. Nord for Svartavatnet går du den lettaste vegen mot toppen.
Gå ned ved Perskårsfossen. Vil du ha meir utfordring, kan du heller gå opp ved fossen.
Køyr Rv13 mot Blåsjø. Meir om ruta finn du på ut.no.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.