©Topptur til Reinsnuten. Foto: Horobets Anton

Topptur til Reinsnuten

Reinsnuten (1144 moh.) er den høgaste toppen i området rundt Mosvatnet. Turen er 10 km, tek om lag 4 timar og er gradert som krevjande (raud). Frå toppen har du 360 graders utsikt over fjord og fjell.

Turtips

  • Start ved parkeringsplassen ved avkøyrsla mot Gullingen Turistsenter og følg traktorvegen til Stavastølen.
  • Merka sti går vidare til Reinsstølen, opp ein lang bakke til Bråtane og mot Bergjordsholet, der klyvinga tek til.
  • Dei siste partia er svært bratte. Du går same veg tilbake.

Køyr Rv13 og ta av mot Gullingen. Meir om ruta finn du på ut.no.

‍

Fleire tips

Filtrer tips etter kategori

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.