Sauer på veg ved vatn
© Skattkammeret Suldal. Foto: Privat
Veg langs vatn
© Skattkammeret Suldal. Foto: Privat

Sykkel frå Nesflaten til Mosvatnet

Turen frå Nesflaten til Mosvatnet tek deg på smale anleggsvegar langs majestetiske Suldalvatnet og flott Suldalsnatur.

Sykkelturen til Mosvatnet startar i grenda Nesflaten der ein først passerer «Kilen» langs FV 691. Området er designa av arkitekten Geir Grung som ein del av Røldal Suldal Kraft – utbygginga, som på 1960-talet var Noregs største industriprosjekt. I dag er bustadområdet, administrasjonsbygget og det som i dag er Energihotellet eit av dei best bevarte områda i funksjonalistisk stil i Noreg. Du forlet området ved å ta ein smal tunell som tek deg mot det nordlegaste punktet av Suldalsvatnet.

Vidare syklar du på ein smal asfaltveg frå anleggstida tett på Suldalsvatnet der ein får storslagen utsikt over naturen rundt. Du vil også passere fossar og bekker. Langs vegen er også startspunktet for gåturen til den ikonske fjellformasjonen Nipe merka.

Etterkvart vil vegen ta deg opp i høgemeter, vekk frå Suldalsvatnet og inn i fjellområda. Her finn ein fleire gode utkikkspunkt, sildrande bekkar og flott natur. Etter ei stigning på 620 meter kjem du til Mosvatnet. Området eignar seg til bading, fiske og vandring. Hugs å kjøpe fiskekort og lese deg opp på reglar for fiske i området. Den norske turistforening (DNT) har også utvikla eit rikt turnettverk med turisthytter i fjellområda rundt. Dette kan du kan lese meir om på dnt.no.

Fakta om turen:

·     Km: 19

·     Høgemeter: 620 m

·     Gjennomsnittleg stigning: 5%

·     Startspunkt: Nesflaten

·     Tunnelar: Ja. Hugs refleksvest og lys.

Godt tilrettelagt: Turen går langs gode, asfalterte vegar. Det er stor stigning på store deler av ruta.

Sykkel frå Nesflaten til Mosvatnet
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);