Berekraft

Suldal kommune blei i 2020 merka som Berekraftig Reisemål under Innovasjon Norge si ordning. Merkeordninga er eit verktøy for å systematisere arbeidet med berekraft ved eit reisemål der miljømessige, sosiale og økonomiske faktorar er inkluderte. På denne sida kan ein lese meir om korleis Suldal arbeider med berekraftig reisemålsutvikling.

Suldalsløftet

Suldalsløftet er ein dedikasjon til eit tankesett og levemåte som sikrar at me har eit levande lokalsamfunn, dyreliv og naturlandskap, i dag og for framtidige generasjonar. Som ansvarleg turist håper me også vil ta med deg Suldalsløftet i tankane når du nyt gode dagar og opplevingar i Skattkammeret Suldal.

Korleis Suldal arbeider med berekraft

Berekraft ligg til grunn for alt arbeid og utvikling innanfor reiselivet i Suldal. Her finn du meir informasjon om korleis me arbeider konkret med å sikre at Suldal er ein god stad å bu og besøkje i dag og i framtida.