Suldal ligg i knutepunktet mellom to nasjonalvegar: Nasjonal Turistveg Ryfylke og Nasjonal Turistveg Hardangerfjord. Ei reise til Suldal er prega av kontrastar med høge fjell og djupe fjordar, brusande fossar og rolege vatn, livlege grender og storslåtte utkikkspunkt. Med kuppert terreng, svingete vegar og spanande rasteplassar er Suldal det perfekte utgangspunktet for MC entusiasten til å utforske flotte bikerruter på vestlandet.
Kvelden kan nytast på våre tradisjonsrike hyttetun og hotell tett på fjord, vatn og elva Suldalslågen. Våre ulike hotell og restaurantar tilbyr også alt frå lune kafear til flotte hotellrestaurantar der ein kan nyte lokalmat, slå seg ned ved uteserveringa ved fjorden og ta eit besøk i eit ekte gardsbryggeri.
Suldal ligg lett tilgjengeleg frå Stavanger (2 timar), Haugesund (1,5 time) og Bergen (4 timar), og er perfekt base for å utforske det regionen har å tilby eller som eit stopp på vegen. Her kan du velja ut nye ruter kvar dag i veka! Her er våre anbefalte turar med utgangspunkt i Suldal:
Stavanger/Oanes – Tau – Hjelmeland – Suldal – Røldal
Lengde: 260 km
Reisa langs Nasjonal turistveg Ryfylke frå Stavanger til Røldal er ei reise i kontrastar og gir deg nakent høgfjell, frodige lier, stupbratte fjellsider og djupe fjordar. Langs vegen finn du mektige fossar, levande bygder, verdskjende Lysefjorden og ei rekke flotte avstikkarar. Suldal ligg langs ruta og er ein flott stopp om ein ønskjer å utforske meir av regionen før ein reiser vidare. Les meir om ruta her.
Nasjonal Turistveg Hardanger: Blømande eplehagar og mektige fossar
Suldal- Låtefoss-Odda-Kinsarvik-Jondal-Granvin
Lengde: 158 km
Suldal ligg heilt nord-aust i Rogaland, tett på Vestland og nydelegeHardanger. Eit besøk til Suldal kan difor lett kombinerast med ein tur langs Nasjonal Turistveg Hardanger. Her møter ein dramatisk natur, bratte dalsider, blømande eplehagar og mektige fossar. Les meir om ruta her.
Arkitekturrundturen: Historisk arkitektur i verdsklasse
Suldal-Sauda-Røldal-Suldal
Lengde: 220 km
Arkitekturrundturen frå Sudlalvia Sauda og Røldal er den beste samlinga av arkitektoniske verk i Fjord Noreg, og den einaste turistruta i Noreg som byr på ein kombinasjon av historisk og moderne arkitektur i eit dagsformat. Her kan ein kombinere spektakulær natur med flotte verk som Allmannajuvet, Høsebrua, kraftarkitektur på Nesflaten, Ostasteidn, Venterommet og Svandalsfossen.
Blåsjø: Utforsk smale anleggsvegar i høgfjellet
Sand – Gullingen – Blåsjø – Gullingen – Erfjord – Jelsa - Sand
Lengde: 174 km
Start dagen i kommunesenteret Sand tett på Sandsfjorden. Du hentar raskt inn høgdemeter og kan nyte storslått høgfjellsnatur langs smale og lite trafikkerte anleggsvegar før ein kjem til Blåsjø som ligg på 1000 meter over havet. Blåsjø er Noregs største damanlegg, og ein del av Ulla Førre utbygginga frå 1980-talet som i si tid var Nord-Europas største kraftutbygging. Turen heim kan ein legge via fjordbygdene Erfjord og Jelsa. Jelsa har blitt kåra til Rogalands mest idylliske stad og er blant dei best bevarte strandstadane i Ryfylke. NB! Me minner om at vegen inn til Blåsjø er stengt i vintersesongen grunna snø.
Discovery Route: Spektakulær rute med historisk sus
Stavanger – Hjelmeland – Suldal – Røldal – Folgefonna - Odda – Jondal – Bergen
Lengde: 392 km
Den historiske ruta frå Stavanger til Bergen blei etablert på 1800 talet av turistar som kom med hest og kjerre for å oppleve natur, isbrear, krystallklart vatn, buldrande fossar og idylliske fjordar. Den dag i dag trekk innlandsruta mellom Stavanger og Bergen ei rekke turistar for sine spanande vegar, store kontrastar og idylliske grender. Les meir om ruta her.
Skuleskardvegen: Ei rute som svingar seg over fjell og dal frå aust til vest
Suldal- Songesand-Lysebotn – Øygardsstøl – Setesdal – Telemark
Lengde: 537 km
Suldal ligg med tett nærleik til Lysefjorden, med flotte opplevingar som Preikestolen, Lysebotn og Kjerag. Ein tur hit kan kombinerast med flotte Skuleskardvegen som svingar seg frå Rogaland i vest over Sirdal og Setesdalsheiane. Ruta snor seg mellom fjell og fjord, og er blitt kåra til ei av Noregs beste biker ruter av magasinet Bike. Les meir om ruta her.
Andre dagsturar
Les meir om flotte dagsturar frå Suldal her.
Fleire av overnattingsstadene i Suldal har ekstratilbod til motorsyklistar, som mellom anna stor parkeringsplass, utstyr til stell og vedlikehald, oppbevaringsrom til klede og anna utstyr og gode verkstadar like i nærleiken. Fleire tilbyr middagsmeny. Våre hotellrestaurantar og kafear har også moglegheita til å tilpasse meny og servering etter ønskje frå større grupper. Les meir om våre overnatting - og serveringsstader "Mat & Overnatting".
Under eit besøk til Suldal anbefaler me eit besøk i uteserveringa til Ryfylke fjordhotel, laksesafari og eit besøk i gardsbryggeriet til Mo Laksegard, eit besøk til Laksestudio (ope i sommarsesongen) og Sandsfossen og ei rekke flotte turruter og naturopplevingar over heile kommunen.
Har du spørsmål eller treng hjelp til å legge opp den perfekte ruta? Ta gjerne kontakt med oss på suldal@visitsuldal.nofor meir informasjon.