To menneske på fjelltopp
Grytenuten © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam
Bru over elv
Høsebrua © Skattkammeret Suldal. Foto: Alf Aadnøy

Insta-punkt!

Mellom høge fjell og djupe fjordar finn ein ei rekkje fantastiske stadar som kan ta pusten frå ein. Her har me samla nokre av dei beste blinkskota frå kommunen slik at du sikrar deg dei flottaste Instagram-postane!

Svultanuten

Ved Svultanuten finn du «Suldalstunga» som er vår heilt eigen versjon av «Trolltunga». Turen er også kortare og mindre besøkt enn den populære turistattraksjonen i Hardanger. Svultanuten ligg ved Napen, like under Svultanuten, mellom Sandsa og Nedre Moen.

Foto: Trude Steine

Hellandsnuten

På toppen av Hellandsnuten vil ein på gode dagar få ei fantastisk utsikt ut over heile fem fjordar, og på klare dagar kan ein sjå heilt til Stavanger! Turen er krevjande, men flott usikt og litt niste på toppen gjer at ein får løn for strevet. Meir informasjon om turen finn du under «Vandring».

Foto: Lina Baka

Hytta i Lovrafjorden

Den vesle hytta på ein holme i Lovrafjorden er kanskje ei av dei mest fotograferte stadane i kommunen. Kven kunne vel ikkje tenkja seg ei helg her? Hytta finn ein når ein køyrer lands RV 13 mellom Erfjord og Sand, like ved avstikkaren mot Jelsa, Sandsfjord bru og Ropeidhalvøya.

Foto:RyfylkeFotografen.no

Grytenuten

Toppen av Grytenuten på Ropeidhalvøya gir fantastisk utsikt over fjorlandskapet og øyane, og turen er like flott sommar som vinter. På toppen finn ein også ein kikkert slik at ein kan utforska utsikta nærare. Turen kan kombinerast med besøk til dei flotte fjordbygdene Marvik og Hebnes, og kanskje også ein tur innom butikken i Vatlandsvåg?

Foto: AnnetteiSuldal

Kulpen i Suldalsheiane

I Suldalsheiane, langs Blåsjøvegen frå Gullingen til Blåsjø finn du denne flotte kulpen som har blitt eit populært Instagram-punkt og badeplass. Staden finn du på venstre side av vegen når du er på veg opp mot Blåsjø, mellom parkeringa på Øvre Moen og tunellen opp til Oddatjøndammen. Temperaturen i vatnet er ofte tilsvarande det som på sitt beste kan bli kalla "friskt" så er her det berre å bite tenna saman og smile til kameraet!

Foto: Tina Totland Jenssen/@theshivelight

Kjenner du til andre gode Insta-punkt?

Me er alltid på leit etter fleire gode insta-punkt i kommunen! Del med oss på #InstaSuldal.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.