På workation i Suldal kan du velje mellom ei rekke flotte hotell og hyttetun der fjell, fjordar, elver og vatn er din næraste nabo. Kva gir vel meir inspirasjon til arbeidsdagen enn å skue utover laksen som hoppar i Suldalslågen, blikkstille fjordar eller årstidene som sakte, men sikkert, set sit preg på landskapet rundt? Her får du full oversikt over våre overnattingsstader som kan skreddarsy eit tilbod til deg basert på dine ønskje. Fleire av hyttetuna tilbyr også leilegheiter med fullt utstyrt kjøkken.
Suldal kommune strekk seg over 1737 km2 fordelt på i underkant av 4000 innbyggjarar, noko som betyr at du som oftast får dei gode naturopplevingane heilt for deg sjølv. I Suldal kan du utforske dei høgaste toppane i Rogaland, teste ut eit rikt utval av fiskevatn, nyte livet i ei fjordbygd og få med deg ei rekke gode kulturarrangement. I vintersesongen finn du milevis med merka skiløyper i Gullingen-området, inkludert to tilrettelagte lysløyper for mørke kveldar. Hjå Suldal Bad kan du avslutte dagen med ein roleg symjetur eller ein tur inn i boblebadet.
Leiter du etter kontorplass eller eit større fellesskap å vera ein del av? Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon rundt moglegheiter for kontorplass og tilrettelagte fellesskap for dei som har med seg heimekontoret til Suldal.