Hund og menneske på fjelltopp
På toppen © Skattkammeret Suldal. Foto: Ragnhild Solbakken.
Konsert
Konsert på Kulturhuset © Skattkammeret Suldal. Foto: Arne Hadland.

Insider-tips

Suldal er heimen til laksefiskarar, turentusiastar, syklistar, kulturengasjerte og mange fleire. Her deler dei sine beste tips for gode opplevingar i Suldal.

Nutfanten

Ragnhild Solbakken

Ragnhild er ein virvelvind av eit menneske, og via Instagram-profilen hennar kan du følgja hennar flotte turar i Suldalsheiane med venner og hunden Frøya. Ragnhild budde åtte år i Stavanger før ho vende nasen heim til heimbygda Sand for å gi ungane den same trygge og gode oppveksten som ho sjølv hadde. I dag bur ho her med mannen Øyvind og har to born.

1. Kva er ditt beste turtips i Suldal?

Eg synest det er mange kjekke aktivitetar på Sand med fantastisk natur, fjord og fjell. Dei siste åra har det også blitt fleire turar rundt om i kommunen som eg ikkje har prøvd meg på før. Den siste nye opplevinga var Grytenuten. Ein flott tur med fantastisk utsikt!

2. Kva er di favorittoppleving i Suldal?

Eg har mange favorittopplevingar i Suldal. Hellandsnuten og Sellandsnuten har fantastisk utsikt så det er nok mine favoritturar, i tillegg til mange andre gode turar.

Mi beste oppleving var då eg og Elise Vognstølen bestemte oss for å bli «Nutfant» 10 gongeri fjor. Då blei det mange lange, flotte turar i allslags ver og årstider. Ein av turane var til Hellandsnuten der me vassa i snø opp til livet. Det var ei herleg kjensle då me kom til toppen og fekk ein fantastisk solnedgang. Turen sit friskt i minnet!

3. Kvifor bør folk oppleva Suldal?

Folk må koma til Suldal for å oppleva Suldalsnaturen og alt anna me kan tilby dei. Snart får me også Suldal bad, og det blir eit flott tilbod for gjester og oss som bur her.

Syklisten

Lars Veggerland

Lars finn ein som regel på sykkelsetet langs dei mange og varierte vegane i Suldal. Han er 17 år og frå Sand, og for tida går han på VG2 på Tryggheim VGS på Nærbø. Han har sykla aktivt med Sandnes sykkelklubb i år.

1. Kva er ditt beste sykkeltips i Suldal?

Blåsjø er mitt beste sykkeltips i kommunen. Veldig fin tur med lite trafikkert vei og fantastisk natur, utan alt for krevjande bakker. Du kjem deg opp i høgda utan at du legg så mykje merke til det. Det er ein litt skummel tunnel utan lys rett etter Øvre Moen så du bør ha lys.

Mi beste oppleving på sykkelsetet i Suldal er Kraftrittet-traseen. Om du er på leit etter ein lang tur med mange høgdemeter er dette noko for deg, og du bør vera godt trent. Turen er 101 km og har ca 2800 høgdemeter. Traseen går først frå Sand og til Jelsa. Deretter syklar du til Erfjord via Foreneset og vidare til Jøsenfjorden der bakken startar opp til Gullingen. Dette er ein brutal stigning på 7,8 km og gjennomsnittstigning på 6,8 prosent.

2. Kva er di favorittoppleving i Suldal?

Eg har to favorittopplevingar på sykkelsetet i Suldal. Det er Blåsjø på ein fin sommarsdag og stigninga opp til Gullingen på nordsida der du føler deg pigg og berre kan «gønne på» utan å føla deg sliten. Bakken er derimot inga fin oppleving om du ikkje er i form.

3. Kvifor bør folk oppleva Suldal?

Suldal er ein fantastisk plass å besøkja dersom du er glad i å halde deg på to hjul på grunn av naturflotte og spektakulære vegar som ikkje er prega av mykje trafikk. Du har alt frå lange sletter mellom Sand og Suldalsosen til brutale stigningar opp til Gullingen.

Suldalsbonden

Anne Gunn Kvæstad

1. Kva er dine beste fisketips i Suldal?

For familiar med store og små er Mosvatnet ein sommardag ei fin oppleving og lett tilgjengeleg. Då ungane mine vaks opp var me ofte på Stølen på Froa om sommaren. På fine dagar rodde me og dorga etter auren – samstundes som me gjorde strandhogg for bading og nistekos eller ungane hoppa frå båten og fekk kjølt seg litt. Nå når ungane er blitt vaksne og eg fiskar åleine eller med vener blir det mest laksefiske i Suldalslågen eller ein tur til Hylen dersom eg fiskar utanfor laksesesongen.

2. Kva er di favorittoppleving i Suldal?

Favoritten min er Kleivahølen på heimegarden, ein liten djup høl i Lågen. Å kunna ta seg ei kveldstund med fiskestanga etter fjosstellet er som ein miniferie og gjer underverk for kropp og sjel sjølv om laksen uteblir. Mi beste oppleving i Suldalslågen er derifra, men det var ikkje min laks. Eldstesonen fekk sin første laks der som 16åring, som var ein fisk på 9,1 kilo. Han var så høg på adrenalin etter kampen at eg eit augneblink trudde han var full. Mine «jillaste» minne frå lågen er slike gonger når ein ungdom får sin første laks.

3. Kvifor bør folk oppleva Suldal?

Suldal har alt av natur, her er fjord, fleire lakseelvar og heia til å gå korte eller lange turar i både for trente og utrente. Ein kan oppleva å koma seg på fjelltoppar eller ha late dagar ved eit fjellvatn og ved sjøen. Suldal byr på mange opplevingar både for familiar og vaksne, somme av dei kostar pengar men naturen er fri for alle.

Laksefiskaren

Jan Horne

Jan Horne er frå Kvinnherad og har vore fast gjest i Suldal sidan 1996 då villaksen i Suldalslågen gjorde at han kom til dalen før første gong. I dag har han hytte på Sand og dei siste 16 åra har han besøkt i Suldal fleire gonger gjennom heile året.

1. Kva er dine beste fisketips i Suldal?

For den som skal fiska etter laks bør ein gjera seg kjend ved eit par fiskestrekke, og leiga ein guide som kjenner godt det strekket ein skal fiska på fyrste gongen. Då sparer du deg for mykje tid og, og blir mindre usikker om kor dei gode plassane er, reiskapsval og meir. Ein guide kan også informera om gjeldande reglar, uskrivne reglar, oppførsel med omsyn til andre fiskarar, når strekket bør få kvila og meir. Med andre ord vil du få ein god start.

Set du på ei Møresild eller ei Høseflue er det gode moglegheiter. Berre hugs og ta med din betre halvdel slik at det kan utvikla seg til å bli ein fantastisk hobby som de har felles.

2. Kva er di favorittoppleving i Suldal?

Gode opplevingar i Suldal har eg i bøtter og spann, og det er ikkje lett å trekkja fram berre ein! Frå dei seinaste åra er det eit minne frå 2014, då hadde me campingvogn på fast plass i Bergekrossen som utmerkar seg. Det var ein av dei verkeleg varme dagane i slutten av juli,  og sidan kona Janne Berit likar betre å fiske på ettermiddag/kveld så ville eg ta meg eit par timar på Øvre Høse like etter frukost. Klokka hadde passert 08.00 da eg vada meg til knea i nedste høl (like ovanfor Høsebrua) og hadde starta å legge ut snøret. Eg hadde vel fiska eit par minutt då eg høyrde det knakk i greiner like bak meg og eg snudde meg: der kom det ut en svær elg som stoppa i elvekanten mindre enn 15 meter bak meg. Kva skulle eg gjera nå?

Det var dårleg med retrett-moglegheiter der eg sto utvada, og elgen kan plutseleg koma på å angripaa om ein kjem for nært på. Eg var mildt sagt «vettaskremt» og tenkte vel at det kunne være greitt å skifta eit visst plagg dersom eg kom meg frå dette her. Mobilen tenkte eg iallfall ikkje på. Elgen tok ein sup av elva, symde tvers over og forsvann opp Fiskebergåsen. Det blei ikkje meir fiske den morgonen.

3. Kvifor bør folk oppleva Suldal?

Suldal er ein kommune som har lagt det godt til rette for besøkjande. Her finn ein turløyper som er godt merka både høgt og lågt, og det er godt tilrettelagt med laksefiske, laksesafari og laksestudio. I sentrum finn ein butikkar, Ryfylkedagane, Jordbærfestival og mange andre arrangement. Det er også godt med overnattingstilbod frå Sand sentrum til hytter til fjells.

Eg kan verkeleg anbefale ein fin sommardag på Sand i samband med eit arrangement. Kanskje handlar du litt, nyt dagens måltid frå ein av dei fine serveringstadene som er der, tek deg minst ei korg med Jelsajordbær og rundar av ein solfylt dag med laksefiske. Suldal er også eit godt utgangspunkt for andre opplevingar i regionen med dagstur til mellom anna Stavanger, Sauda og Preikestolen.

Kulturentusiasten

Kristin Sandvik

Kristin Sandvik er fødd og oppvaksen i Erfjord, og har bidratt til eit rikt og variert kulturliv i Suldal med sitt engasjement i kulturskulen og i ulike songgrupper. Kristin budde i Stavanger over ein periode fram til i år då ho flytta tilbake til Suldal.

1. Kva er dine beste kulturtips i Suldal?

Laksestudio er ei flott oppleving som ligg sentralt, er unikt og tett på naturen. Stranddalen er også ein spesiell tur som er lett å koma til sjølv om turisthytta ligg 1000 meter over havet.

Kulturhuset i Suldal er eit samlande fleirbrukshus for gode kulturopplevingar.

Alt i alt er Suldal ein attraktiv stad for kunstnarar med ein godt og variert musikkliv i forhold til det låge folketal.

2. Kva er di favorittoppleving i Suldal?

Eg har vore på mange flotte konsertar og arrangement i Suldal. Eg er spesielt stolt over å ha dei flotte distriktsmusikarane her, som einaste stad i regionen i tillegg til Voss.

3. Kvifor bør folk oppleva Suldal?

Folk bør koma til Suldal for å oppleva storslått natur. Her får ein ro og stille dagar, samstundes som ein har eit mylder av kulturmoglegheiter.

Hyttefolket

Agathe Johannesen og Arve Hadland

Agathe Johannesen og Arve Hadland frå Stavanger tek med seg familien på hytta på Gullingen så ofte dei kan. Via Instagram-kontoen til Arve får ein mange flotte innblikk i turar i skog og mark, stormkjøkken og uteliv. Agathe fortel om gode opplevingar dei har hatt med familien i Suldal.

1. Kva er dine beste tips i Suldal?

Vårt beste tips er å stå opp tidleg for å springe opp på ein topp og få med seg soloppgangen, for så å gå heim og ete frukost med heile gjengen. Så er det ut på tur alle mann etter frukost. Har far meir energi kan det og bli ein liten solnedgang-tur til kvelds.

Andre gode opplevingar er å ligge i telt på Skuteheia, då det å vera ute når dag blir til natt er magisk for store og små. Då pleier me å fiska aure og steikja han på stormkjøkkenet. Det er stort for ungane å laga mat dei har fanga sjølve. Er været ustabilt har me med oss ein gapahuk som er lett å bera med seg. Eg får stor glede over å sjå ungane kosa seg i naturen og korleis fantasien blir sett i sving når ein kjem seg vekk frå ipad. Ungar som går og skravler i eitt gjer meg rørt.

Andre flotte opplevingar er å hente kantarellar, blåbær og multer, bading i Mosvatnet og padling i kano. Av og til reiser me til Sand for å gå på kino, spele bowling, låne bøker og ta seg ein tur på kafé. Me har også fått med oss fleire konsertar, og har både sett Tønes, Stein Torleif Bjella og bestillingsverk for ungar i det flotte kulturhuset.

Familien er glad i lange skiturar på vinteren, toppturar på Randonee-ski og hundekjøring med dei små hylande av fryd bak Samojeden vår. Me er også glad i å fange aure i bekkjen.

Ingenting er betre enn å koma inn i hytta trøytt og glad etter ein vellukka tur.

2. Kva er di favorittoppleving i Suldal?

Min Suldalsfavoritt er Skuteheia og Svartevatn. Her kan ein oppleva stjernehimmelen og liggja ute, og ein kan nyta solnedgangen med dei små frå Onglanuten. Eg gløymer aldri då eg og fireåringen satt i mørkeret og kikka inn i bålet ein haust. Eg ba han legge seg bakover og sjå opp, og det «åååååååh-et» som kom frå han då han såg alle stjernene gløymer eg aldri.  Svartevatn er og ofte målet for ein kjapp fisketur frå hytta.

3. Kvifor bør folk oppleve Suldal?

Folk bør oppleva Suldal fordi det er ein ujålete plass der gleda over naturen kjem først. Her er det ikkje after-ski, størst mogleg hytte og finast bil som er fokus. Kombinasjonen av fjord og fjell er fantastisk. Eg likar folka som bur her og det er kort veg til Stavanger.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.