Børkjenes Gard ligg idyllisk til i Hamrabøheia med sine naturskjønne omgjevnadar og særprega fjellgardsmiljø. Totalt strekk garden strekk seg over 8653 daa frå tunet heilt til fjells, og har totalt 40 hus. Dette er mellom anna hovudhus, kårhus, låven, sauehus, hønehus, stabbur, kvernhus, tørkehus for korn, taubanehus, kjerrehus med vedlager, eldhus, smie og sagbruk. Flesteparten av husa er frå 1700- og 1800-talet, men fleire hus og historier strekk seg også lengre tilbake i tid.
Garden fekk tildelt Olavsrosa i 2023, eit kvalitetsmerke for eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven. Dei fekk også Suldal kommune sin bygningsvernpris i 2018 for arbeidet med å sikre bygningsarva på Børkjenes gjennom sine mange små og store restaureringsprosjekt.
Frå stølane og kårhuset har ein også tilgong på eit rikt turnettverk.
Du finn Børkjenes Gard ved å ta av mot Hamrabø på vegen mellom Nesflaten og Suldalsosenlangs RV13.
Børkjestølen ligg i heia ovanfor Børkjenestunet. Ein kan køyre heilt fram til hytta i sommarsesongen med firehjulstrekk.
5 sengeplassar
Stølen har ikkje innlagt vatn eller straum, og har utedo.
Ved følgjer med.
Sengeklede for ein ekstra kostnad.
Utvask for ekstra kostnad.
Moglegheit med snøscooter-transport ellerATV-transport på førespunad for ekstra kostnad.
Pris: 1000 per døgn*
Stormyr ligg i heia ovanfor Børkjenestunet. Deter omlag 50 minuttars gange frå traktorveg, der ein må ha firehjulstrekk for åta seg opp.
8 sengeplassar
Stølen har ikkje innlagt vatn eller straum, og har utedo.
Ved følgjer med.
Sengeklede for ein ekstra kostnad.
Utvask for ekstra kostnad.
Moglegheit med snøscooter-transport ellerATV-transport på førespunad for ekstra kostnad.
Pris: 1600 per døgn*
Kårhuset ligg i gardstunet på hovudgarden, der stoverommet er frå 1860-talet.
8-10 sengeplassar, fordelt på 4 soverom.
Staum, totoalett og innlagt vatn.
Ved følgjer med.
Sengeklede for ein ekstra kostnad.
Utvask for ekstra kostnad.
Pris: 3000 per døgn*
*Ein må minimum leige seg inn for to netter.