Fiskarar kjem frå heile verda til Suldal kvar sesong i håp om å fange storlaksen. Suldalslågen er det mest vassrike vassdraget på Vestlandet, og er særs kjend for villaksstamma som går under namnet Salmo Suldal. Ein har også ei lakseelv i Håland i Erfjord. Laksesesongen i Hålandselva startar 15.juni, medan den i Suldalslågen startar 10.juli.
Før ein startar fisket må ein sikre seg fiskekort hjå den lokale grunneigaren, og ein må betala fiskaravgifta hjå Miljødirektoratet. Ein må også gjera seg godt kjent med reglar for fiske i elva. For å unngå smittefare mellom elvar er det særs viktig at ein desinfiserer alt utstyr før ein tek til på fisket.
Fiskekort for Suldalslågen får ein hjå den aktuelle grunneigaren. Oversikt over alle grunneigarane får ein på suldalslagen.no. Reiselivsbedrifter som Mo Laksegard, Træ Gården, Lågatun Hytter, Mo Feriehytter og Lindum Camping tilbyr både overnatting og fiskekort. Fiskekort for Hålandselva får ein hjå Stavanger og Rogaland Jeger og Fiskeforening (SRJF).
Dersom ein er ny i elva anbefalar ein å starte med guida fisketurar. Hjå Mo Laksegard kan ein få high-end laksefiske-pakkar og fiske med guide.
Brunaurefisket er kanskje ikkje like kjend som laksefisket, men byr på like mange flotte opplevingar og utvidar sesongen. Brunaurefisket i Suldalslågen startar i mai, og held fram til laksefisket startar. Ein får tak i kort til brunaurefiske hjå dei same grunneigarane som tilbyr kort for laksefiske.
Laksestudio i Suldal sto klart i 1988, noko som gjer det til Noreg sitt første. Her får ein eit innblikk inn i livet til villaksen og det naturlege krinslaupet den har. Nedst i studio kan du sjå inn i det femte trinnet av laksetrappa, på laksen som er på veg frå fjorden og opp til heimelva for å gyte. Kanskje kan du også peika deg ut laksen du seinare håpar å ta i elva? Ein kan også læra meir om den unike arta, korleis laksen har ført til stor glede og stor usemje i Suldalssamfunnet og om forvaltningsarbeidet som føregår den dag i dag. Laksestudio held ope frå juni til september.
Like ved Laksestudio finn ein det arkitektoniske verket Høsebrua, eit godt turnettverk, Suldal turistkontor og Sand sentrum.
Hjå Mo Laksegard tilbyr dei (med unntak når elva er for lita i perioden desember-mars) verdsnyhenda Laksesafari, som mellom anna har ført til at amerikanske og kinensiske superstjerner har funne vegen til Suldal. Her får du på deg tørrdrakt og dykkarbriller før du går ut i elva og flyt nedover med straumen. I laksesesongen arrangerer dei to faste turar i veka. Elles kan ein bestille laksesafari for grupper på minimum seks personar.
Kombiner gjerne laksesafarien med villmarkscampen, eit bad i vedfyrt stamp eller ein betre middag på Mo Laksegard.
I kommunesenteret Sand finn ein Sand Sport med alt ein treng til laksefiske. Her får du god hjelp til val av fiskeutstyr, turklede, med meir.
Suldal jakt og fiskelag samlar fiskeentusiastar frå heile kommunen. Fleire gonger i året tilbyr dei kurs i laksefiske, samlingar for lakseentusiastar og eigen camp for kvinnelege laksefiskarar.
Langs Suldalslågen finn ein ei rekkje flotte hotell og gardstun med fantastisk utsikt over elva, så tett på at ein kan sjå fisken hoppa om ein er heldig. Fleire av overnattingsstadane tilbyr også fiskehytter ved elva, grillstad og meir. Les meir om våre overnattingsmoglegheiter på sida "Mat & Overnatting".