Born ser på laksen i laksestudio
Laksestudio © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Utstilling i laksestudio
Utstilling © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Noregs første Laksestudio

Laksestudio ved Sandsfossen sto ferdig i 1988, som det første i Noreg. Her kan ein sjå inn i det femte trinnet på laksetrappa på venstre side av Sandsfossen, der laksen blir halden i 24 timar før den blir slept vidare opp elva. I gjennomsnitt er det 2-3000 laks og aure som nyttar seg av denne trappa kvart år. Utstillinga i Laksestudio fortel historia om laksen, Suldalslågen og krafta i Suldal.


Laksen

Suldalslaksen, som ofte går under namnet Salmo Suldal, er villaksstamma til Suldalslågen og er spesielt kjend for stor gjennomsnittsstorleik. Laksen har sett Suldal på både det nasjonale og det internasjonale kartet som følgje av stridar rundt lakserettar, internasjonal lakseturisme og flytande menneske i tørrdraktar på jakt etter naturopplevingar.

Suldalslågen

Suldalslågen er vestlandet si mest vassrike elv, og strekkjer seg 22 km frå Suldalsvatnet til Sandsfjorden. Elva er eigd av grunneigarane langs elva og har gjennom alle tider vore eit grunnlag for inntekter, spenning og glede, men også sorger og store spørsmål. Etter Røldal-Suldal Kraft og Ulla Førre-utbygginga blei elva regulert. Vassføringa vert regulert av Statkraft i samsvar med vedtatt manøvreringsreglement.

Krafta

Suldal er Noreg sitt kraftstabbur som eit resultat av Røldal-Suldal Kraft utbygginga på 1960-talet og Ulla-Førre utbygginga på 1980-talet. Ulla-Førre er Nord-Europa sitt største kraftverksanlegg med 2000 MW installert kapasitet. Prosjektet består også av Noregs største energimagasin (Blåsjø), kraftstasjon i forhold til effekt (Kvilldal), pumpekraftstasjon (Saurdal) og damanlegg. Saman viser desse verka stor ingeniørkunst og kraftarkitektur, og har gjort Suldal til ein viktig aktør innan for rein og fornybar energi.

Laksestudio held ope i laksesesongen frå juni-september. Oppdaterte opningstider og prisar finn ein i arrangementskalenderen vår "Kva skjer!". Ein kan få guida turar i laksestudio for grupper utanom opningstid i laksesesongen. Ta kontakt med oss på suldal@visitsuldal.no.

Noregs første Laksestudio
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.
console.log(true);