Kulp Bistro ligg sentralt til på Garaneset på Sand. I deira moderne lokale kan dei tilby ein variert meny av freistande matrettar. Kafeen har ein variert meny med mellom anna fiskesuppe, dagens middag, burgermeny og pizza. Dei har eige leikerom for dei minste og eit flott uteområde for dei som ønskjer å nyte maten her. For eigar og kokk Terje Bjørndal er matfilosofien sterk: "Målet er å servere lokal, ekte og ærleg mat".
Kulp held ope kvar dag gjennom heile veka, noko som gjer at at kafeen er eit populært val for vener, familiar og kollegaer som ønskjer seg ein lettvint lunsj eller ein betre middag. Kulp tilbyr også takeaway for dei som ønskjer å ta med seg maten heim og catering til selskap og større anledningar. Her utviklar kokkane menyen i saman med deg og etter dine ønskje.
For Terje og kokkelaget på Kulp er det også viktig å nytte seg av lokale og kortreiste råvarer frå lokalmiljøet. Maten skal vere så ukomplisert og enkel som mogleg. Terje sjølv er ein ivrig jegar som likar seg godt ute i skogen der gode og reineråvarer står i kø. Elles kan han diske opp med heilgrilla lam eller gris i store arrangement. Maten skal helst ha ei lokal historie. "Me satsar på mat med lokal forankring. Difor kjøper me kortreist mat der me sjølv har fåttpåverka prosessen for å få fram det perfekte produktet. Dette er produkt me stolt serverer i våre selskapsmenyar" seier Bjørndal.