Ropeidhalvøya ligg sørvest i Suldal kommune, med Vindafjorden og Sandsfjorden som næraste naboar. Halvøya strekk seg frå Helland i nord til Hebnes i sør og Ropeid i aust. Ein tur til Ropeidhalvøya byr på fine bade- og turopplevingar, jakt og fiske rett utanfor stovedøra, møte med høvdingar og bygdeborger frå eldre jernalder.
Last ned kartet for Ropeidhalvøya her. Du kan også få tak i kartet på Suldal turistinformasjon og utvalde butikkar.