Blå (Middels krevjande)
På Sand blir det gjerne sagt at du ikkje er ekta sandsbu før du har gått til Hellandsnuten. Turen startar ved Joagarden barnehage og går oppover i variert skogsterreng. Du passerer nokre bratte parti, og mot toppen møter du snaufjellet. Stien er godt merkt, og det er gjort betringar langs ruta, mellom anna med sherpatrapper i delar av dei brattaste partia.
Turen kan vere strevsam, men er vel verd innsatsen, for utsikta på toppen er nærast uslåeleg. Frå Hellandsnuten får du vid utsikt over fjord- og fjellandskapet rundt Sand, og over dei fem fjordane Sandsfjorden, Hylsfjorden, Saudafjorden, Vindafjorden og Lovrafjorden.
Turen tek om lag 5 timar.
Raud (Krevjande)
I Gullingenområdet skil Reinsnuten seg ut i himlaleitet med den karakteristiske masta på toppen. Parker rett før du svingar opp mot Gullingen turistsenter og Breiastølsdalen. Herfrå følgjer du grusveg mellom koselege hyttefelt heilt opp til Stavastølen. No følger du stien opp til Reinsheia, med flott utsikt over Gullingen, hyttefelta og Mosvatnet. Terrenget flatar ut og du får ein naturleg pause før siste, bratte etappe mot toppen. Her oppe ventar ei mektig utsikt over høgfjellet, Gullingenområdet, men også ut fjordane mot Stavanger. Ein klårversdag kan du kanskje skimte byen langt der borte?
Turen tek 4-5 timar.
Ekstraskatt: Ha base på Gullingen turistsenter og gå alle fjelltoppane som omkransar deg. Går du seks av dei "godkjende" toppane kan du krona deg som Nutfant.
Blå (Middels krevjande)
I Erfjord tek du av frå Hålandsosen mot Østerhus. Følg vegen vidare mot Tveit og Liarstølvegen, før du parkerer ved stor grusparkeringsplass ved "Trædet"/"Treet". Rett ved parkeringa ser du skilting mot Kleppsnuten. Her følger du merka skogsveg eit lite stykke, og deretter merka sti. Flott utsikt mot gardane på andre sida av dalen kjem bak deg. Vidare til toppen med flott utsikt mot fjord og fjell.
Turen tek ca. 2 timar.
Raud (krevjande)
Grytenuten byr på ei av dei flottaste utsiktene i Suldal, med panoramablikk over Ryfylkebassenget, Haugalandet og Sunnhordland. Turen startar ved Kjølvikstølen grendahus på Ropeidhalvøya, og går på merka sti til toppen, der du blir løna med vid utsikt i alle retningar. Det finst også ei alternativ rute til toppen frå Østebøneset.
Turen tek 4-5 timar.
Svart (Svært krevjande)
Parker ved Vinjar skule på Suldalsosen. Herfrå følgjer du vegen forbi kyrkja og vidare opp til det øvste byggjefeltet, der du kjem inn på den merkte stien mot Prestastølen og Vinjanuten. Dette er ein lang og krevjande tur med mykje stigning. Til gjengjeld får du fantastiske utsiktspunkt og naturopplevingar jamt og trutt på veg oppover, med utsyn over Suldalsdalføret, Ryfylkeheiane og fjordlandskapet i vest.
Du kan gå same veg ned att, eller velje rundturen vidare via Fisketjønsvardane og Gunntveitåsen, før du kjem ned att ved hovudvegen på Suldalsosen, om lag 3 km frå utgangspunktet.
Turen tek om lag 7 timar.
Blå (middels)
Start ved Jelsa skule og følg merkinga til Storli. Gå over på skogsvegen, og ta til venstre etter at vegen deler seg – etter om lag 300 meter. På toppen ventar fantastisk utsikt over Ryfylkebassenget, og Ryfylkes best bevarte strandstad: Jelsa. Turen tek ca. 3 timar.
Blå (middels)
Parker på stor grusplass ved Fjetland og følg vegen forbi den øvste garden og inn i bjørkeskogen. Her er lettgått terreng, og turen tek deg vidare opp over tregrensa. Du kjem til eit kryss og kan velje å gå til Røssenuten eller Fjetlandsnuten. Begge nutane gir deg flott utsikt over Halvøynå.
Turane tek ca. 3-3,5 time.
Raud (krevjande)
Parker på parkeringsplass på Hedlebrekk ved Gullingenvegen. Herifrå følgjer du skogsbilvegen og vidare i på sti. Her er skilta til Natlandsnuten og du tek av grusstien og over på vanleg merka sti. Turen går vidare inn til stølane i Frøkjedalen, og etter at du har runda vatnet startar stigninga opp mot toppen. Vel oppe er det fine badevatn å kjøle seg ned i ein varm sommardag. Flott utsikt!
Turen tek ca. 5 timar.
Raud (krevjande)
Frå Nesflaten tek du av til Roalkvamvegen og vidare inn på Bråtveitvegen. Her kjem du til skytebanen, der du kan parkere. Turen er bratt og går i krevjande terreng, men undervegs finn du bord og benk med flott utsikt over Suldalsvatnet – ein naturleg pustepause. Frå toppen ventar storslått utsikt over Suldalsvatnet.
Turen er 6,7 km tur/retur same veg og tek ca. 5 timar.
For meir informasjon om turkart, sjekk ut "Vandring" på sida vår. Her kan du laste ned gratis turkart, eller du kan hente på Suldal turistinformasjon.
Du finn også meir informasjon på ut.no. Hugs å ferdast ansvarleg, vis omsyn og tenk miljø. God tur!

Bu i hjartet av Sand i eit historisk bygg frå 1890 over den urbane kaféen Drøs.

Opplev Jelsa Hotell i Ryfylke: Moderne komfort i historisk strandstad. Nyt lokale matskattar og unike opplevingar ved fjorden. Bestill ditt opphald no!

Opplev Ryfylke Fjordhotell i Sand, eit perfekt utgangspunkt for fjordutsikt, kultur og aktivitetar. Nyt lokale delikatesser og eventyrlige opplevingar!

Utforsk Mo Laksegard i Suldal for enestående lakseopplevelser, lokal mat og unike overnattingsmuligheter ved Suldalslågen. Perfekt for natur- og matentusiaster.

Tett på fjordgapet i grenda Hebnes finn du Hebnes vingard. Her kan du få omvisning i vinhagen og smake på vinar med namn som mellom anna Tor og Lars.

Tett på Suldalsvatnet finn ein honninggarden Suldalshonning der ein får eit innblikk i den spanande prosessen frå blom til krukke.