Sand Safari

Gutar på Sand © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.

Velkommen til Sand Safari!

Sand Safari er ei interaktiv løype der du kan lære meir om historia til strandstaden og kommunesenteret Sand.

‍

Turen tek deg tett på fjorden, lakseelva Suldalslågen og kvardagslivet i kommunesenteret. Langs løypa finn du ulike QR-punkt, og ved å scanne desse vil få opp ein video eller eit lydklipp som gir deg eit lite glimt av av historia til strandstaden. Du veljer sjølv om du ønskjer å ta heile løypa, eller om du vel ut ruter innanfor tema du interesserer deg for. Du kan ta i bruk kartet her på sida, laste ned appen vår eller hente eit kart på Suldal turistinformasjon.

‍

KVA ER EIGENTLEG EI KULTURLØYPE?

Målet med kulturløypene i Suldal er å gi fastbuande og besøkjande ei lita innsikt i den rike historia til dei ulike grendene våre, og kommunen som ein heilskap. I form av QR-punkt ønskjer me å sikre at alle får den same gode opplevingane og kan ta del i dei same gode historiene, uansett når på året ein kjem på besøk. Denne løypa er berre ei av fleire spanande kulturhistoriske løyper i Suldal.

‍

På Ropeidhalvøya kan du ta vikingløypa der du mellom anna kan høyre historia om den største vikinghøvdingen i Ryfylke: Torstein av Heimnes. Kulturløypa på Jelsa vil fortelje deg den spanande historia bak Jelsa kyrkje og skulehuset som står her.

‍

Kulturløypene i Suldal er eit samarbeidsprosjekt mellom Suldal kommune, Suldal Vekst, Visit Suldal, Kulturhuset i Suldal v/ drama, Ryfylkemuseet, grendeutvala i kvar enkelt grend og ei rekke andre lokale krefter.  

‍

APP

Løypa er tilgjengeleg i appen «Visit Suldal» som du kan lasta ned gratis i App Store. Appen kan du bruka til å skanne QR-punkta på skilta langs løypa, og få meir informasjon om staden du er på.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.