Hydrokaien ligg i Nordenden, som utgjer slutten av strandstaden Sand. Her finn ein ein stor og romsleg parkeringsplass perfekt for camping- og bubuilturistar som ynskjer å vera tett på fjorden. Like ved finn ein Neset badestrand som er godt eigna for barn av alle aldrar og ein oppmerka grillplass. Nærmaste nabo er Ryfylkemuseet der dei har ein liten kafe, musumsbutikk og ulike utstillingar.
Hydrokaien ligg i gåavstand frå Sand sentrum med ulike butikkar, apotek, daglegvare og Sand torg med ulike torgdagar og arrangement. Ein kan også ta turen innom Laksestudio og Høse-Bru som er ein del av ein lengre rundtur. Sand sentrum er også eit godt utgangspunkt for ulike vandreruter og sykkelruter.
For meir informasjon kontakt turistinfomasjonen eller sjå informasjon på staden.
100 NOK/døgn