Jelsa hotell
Hotellrom ved Jelsa hotell
©Jelsa hotell. Foto: Næringshagen i Ryfylke
Jelsa hotell © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Jelsa hotell
©Jelsa hotell. Foto: Næringshagen i Ryfylke

Jelsa Hotell, Jelsa

Opplev Jelsa Hotell i Ryfylke: Moderne komfort i historisk strandstad. Nyt lokale matskattar og unike opplevingar ved fjorden. Bestill ditt opphald no!

Moderne hotell i historisk strandstad

Jelsa hotell opna våren 2022, og ligg sentralt til i det som er den best bevarte strandstaden i Ryfylke: Jelsa. Hotellet har moderne fasilitetar og lokale innslag, med ein fantastisk utsikt til strandstaden og fjordriket rundt. Hotellet er utstyrt med dobbelt-rom, twin-rom, juniorsuite og universalrom. Jelsa hotell tilbyr også møterom.

Utgangspunkt for kjekke opplevingar

Området tilbyr ei rekke flotte aktivitetar til lands og på vatnet. Her kan du utforske flotte turstiar, leige båt, få ein guida padletur i Økstrafjorden, besøke fruktgardar og få ei omsyning i strandstaden med tur innom til Jelsa kyrkje og skulemuseet. Jelsa kyrkje frå 1600-talet er eit av dei flottaste kulturminna i regionen.

Servering på Jelsa Hotell

Restauranten på Jelsa Hotell held ope for overnattande gjester og tilbyr smakfulle, enkle middagsrettar og fersk pizza – perfekt etter ein dag med opplevingar i Ryfylke. Vi set pris på om du tingar måltidet før ankomst, slik at vi kan førebu alt på best mogleg måte.
Ein god frukost er alltid inkludert i romprisen, og gir deg ein god start på dagen.
For grupper på 10 personar eller fleire tilbyr vi gjerne middagsservering etter avtale. Ta kontakt for menyforslag og reservasjon – vi legg til rette for både uformelle samlingar og hyggjelege lag i restauranten.
Søndagsmiddagar
vil bli annonsert fortløpande på nettsida og på Facebook.

Jelsa Hotell, Jelsa

Jelsa Hotell, Jelsa
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Skattar

No items found.

Bli inspirert

No items found.

Hotell

/

Kurs & konferanse

/

Bilde av hotell ved fjordkanten

Ryfylke Fjordhotell, Sand

Opplev Ryfylke Fjordhotell i Sand, eit perfekt utgangspunkt for fjordutsikt, kultur og aktivitetar. Nyt lokale delikatesser og eventyrlige opplevingar!

EnergihotelletUfo Foto: Dag Jenssen

Energihotellet, Nesflaten

Utforsk Energihotellet på Nesflaten - en unik blanding av designarv og natur, tilbyr lokal matkultur og uforglemmelige opplevelser ved Suldalsvatnet.

Bilde av tun med bygg

Selskapslokale ved Børkjenes gard

Børkjenes Gard, med sine historiske bygg og idylliske naturomgjevnadar, set den perfekte ramma for selskapet. Anten du ønskjer å nytte lokale til festleg lag, bedriftstur eller bryllaup får de ei oppleving heilt utanom det vanlege!

Mo Laksegard

Mo Laksegard, Sandsbygda

Utforsk Mo Laksegard i Suldal for enestående lakseopplevelser, lokal mat og unike overnattingsmuligheter ved Suldalslågen. Perfekt for natur- og matentusiaster.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.