Mo Laksegard
Lise Bjelland
Mo Laksegard
Mo Laksegard
Lise Bjelland

Mo Laksegard, Sandsbygda

Fiske
Arrangement
Konferanse
Overnatting
Serveringsstad
Vandring
Miljøfyrtårn
På Mo Laksegard ligg tett på lakseelva Suldalslågen, og tilbyr opplevingar som laksesafari, elveekspdisjon, villmarkscamp og gardsbryggeri. Dei serverer tradisjonsrike rettar basert på lokale råvarer.

Tett på natur og tradisjonar

Å gå inn dørene på Mo Laksegard er nett som å entre inn i eit britisk lakseslott. Klassiske møblar og bilete av ein glad fiskar med rekordlaks i fanget prydar veggane saman med bilete av Kong Olav då han var på vitjing i Suldal. Ute i baren sit du under glastak og ser rett ut på det populære bassenget, som fungerer både som opplæringsbasseng for dei gjestene som skal prøve Laksesafari, men og som badebasseng når temperaturen er god. Dei har 40 sengeplassar, fordelt på hytter, leilegheiter og rom.

Gode naturopplevingar

Mo Laksegard tilbyr ei rekke kjekke opplevingar tett på elva og området rundt. Laksesafari er eit unikt tilbod der du kan flyte nedover elva iført tørrdrakt, maske og snorkel for å utforske livet i Suldalslågen. Det er ganske magisk når du får storlaksen så tett innpå deg.

"Me vil gjerne gi gjestene våre ei unik oppleving. Dei skal få kjenne på kor spesielt det er å flyte nedover elva og sjå laksen som flyt under deg. Eller dei skal få sitje rundt bålet oppe i villmarksleiren vår og nyte god og lokal mat", seier eigar Bjørn Moe. Dei tilbyr også elveekspedisjon der ein renn roleg nedover den mektige elva i raftar.

I 2021 lanserte Mo Laksegard også eit heilt nytt produkt: Moskjelen selskapsområde. Har har dei gravd ut ei nesten 100 meter djup jettegryte som har sett namn på området. Frå Moskjelen kan ein samle vener og lag der ein kan nyte servering av lokale spesialitetar til utsikt over Suldalslågen. Området har også eiga badstove, kulturløype og badestamp.

Lokale matskattar

Kortreist mat er og eit kvalitetsstempel på laksegarden, dei får til dømes skogsgris levert frå naboen i bygda. Korte avstandar til gode råvarer gir også gode resultat på kjøkkenet der smaksrike rettar blir trylla fram. Bedrifta brygger også sitt eige øl som ein kan få kjøpe i baren. Ølsortane har sjølvsagt fått lokale namn som Mørk Suldal og Glad Laks. I tillegg tilbyr dei øl-smaking og omvisning i bryggeriet som eit eige produkt.

Mo Laksegard, Sandsbygda

Sesong: Heile året.

Kapasitet: 6 hytter/leilegheiter med totalt 40 senger, med aktiviteter som laksefiske, elveekspidisjon, laksesafari og guide tur til deira gardsbryggeri.

Meir informasjon og booking på deira nettsider her.

Mo Laksegard, Sandsbygda
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.