Ryfylke Fjordhotel ligg i sentrum av kommunesenteret Sand med gåavstand til kafear, butikkar, museum, badestrand og kulturhus. På Kulturhuset i Suldal kan du få med deg bowling, kino, bibliotek og arrangement. Ein kort gåtur unna finn du også flotte Suldal bad, fleire turnettverk og den mektige Sandsfossen. I sommarsesongen kan du besøke Noregs første laksestudio her.
Ryfylke Fjordhotell har fleire møterom, tilpassa grupper av ulik storleik og med ulike behov. Ryfylke Basecamp ligg til hotellet og herifrå tilbyr dei ei rekke opplevingar på land og på vatn. Frå resepsjonen kan du mellom anna leige med deg kajakk, SUP og elsyklar. Dei tilbyr også andre aktivitetar på bestilling.
Frå restauranten og baren til hotellet får ein panoramautsikt over båthamna og Sandsfjorden. Her tilbyr dei ein god og variert meny med suppe, sandwichar, pizza og burger. Lokale råvarer står i fokus, og her kan du mellom anna få angus-burger frå Træ Gården som ligg i Sandsbygda. Hotellet har også eigen uterestaurant med varmeomnar der lokale Suldøler og gjester samlar seg så fort gradestokken tillet det. Om sommaren held dei også "Promenaden" ope som har ei fantastisk plassering like ved Suldalslågen. Sit du her kan du vera så heldig at du ser laksen hoppe!
Sesong: Heile året.
Kapasitet: 64 rom, med totalt 118 senger. Konferanse fasilitetar.
For meir informasjon og booking besøk nettsida deira her.