Energihotellet ligg flott til på ei høgde over området "Kilen" på Nesflaten, som blei utvikla som ein del av Røldal Suldal Kraft-utbygginga på 1960-talet. Den dag i dag er området prega av arbeidet til ein av Noreg sine fremste arkitektar på den tida, Geir Grung, med flate funkistak på bustadane og den særprega "Ufo-en" som i dag er administrasjonsbygget til kraftanlegget.
Alle 29 rom er innreia i minimalistisk stil, og på romma er det utsikta til Suldalsvatnet som skal vera i fokus. I sommarhalvåret er det mogleg å ta seg ein dukkert i utebassenget, berre ein kort tur frå hotellet. På vinteren kan kan ein varme seg i hotellet si eigen badstue. Hotellet er også ein del av hotellkjeda "De historiske".
"Me prøver alltid å vise fram heilskapen i den særprega arkitekturen på Nesflaten, både driftssentralen til Hydro som ligg her, hotellet og dei særprega bustadene i Kilen der blant anna flatt tak er eit kjennemerke. Arkitekturen her oppe per preg av ein unorsk materialbruk med mykje betong og store vindauge, det handlar om å ta naturen inn i bygningane," fortel eigar og dagleg leiar, Olav Lindseth.
Nesflaten er den nordlegaste grenda i Suldal, og er omkransa av den største innsjøen i Rogaland og høge fjelltoppar. Frå hotellet kan ein ta seg rusleturar gjennom grenda, bade eller dra på båttur på Suldalsvatnet og leige seg el-sykkel for å utforske sjarmerande anleggsvegar som går opp fjellsidene rundt dei. Nesflaten er også eit flott utgangspunkt for å utforske heiane rundt, med flotte fjelltoppar, eit rikt turnettverk og eit rikt utval av turisthytter.
På Energihotellet får du ei matoppleving som står i stil med omgjevnadane. Energihotellet tilbyr freistande matrettar basert på lokale råvarer som aure frå Suldalsvatnet, lam og vilt frå Suldalsheiane og lokalproduserte produkt frå bøndene i nærområdet. Deira tre- og firerettars serveringar er blant bestselgerane, der dei også tilbyr eigen sidermeny frå regionen. Utsikta over Suldalsvatnet og den ikonske gullpeisen set ei stemningsfull ramme for ei kvar smaksoppleving i restauranten.
Sesong: Heile året.
Kapasitet: 58 senger med konferanse fasiliteter.
Meir informasjon og booking på deira nettsider her.