Bilde av tun med bygg
Bilde av tun med bygg
© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Bilde av tun med bygg
© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Selskapslokale ved Børkjenes Gard

Konferanse
Kunst & handverk
Foss/elv
Overnatting
Børkjenes Gard, med sine historiske bygg og idylliske naturomgjevnadar, set den perfekte ramma for selskapet. Anten du ønskjer å nytte lokale til festleg lag, bedriftstur eller bryllaup får de ei oppleving heilt utanom det vanlege!

Børkjenes Gard ligg idyllisk til i Hamrabøheia med sine naturskjønne omgjevnadar og særprega fjellgardsmiljø. Totalt strekk garden strekk seg over 8653 daa frå tunet heilt til fjells, og har totalt 40 hus. Dette er mellom anna hovudhus, kårhus, låven, sauehus, hønehus, stabbur, kvernhus, tørkehus for korn, taubanehus, kjerrehus med vedlager, eldhus, smie og sagbruk. Flesteparten av husa er frå 1700- og 1800-talet, men fleire hus og historier strekk seg også lengre tilbake i tid. 

Garden fekk tildelt Olavsrosa i 2023, eit kvalitetsmerke for eineståande opplevinga rrotfesta i den norske kulturarven. Dei fekk også Suldal kommune sin bygningsvernpris i 2018 for arbeidet med å sikre bygningsarva på Børkjenes gjennom sine mange små og store restaureringsprosjekt.

Deira lokale eignar seg for grupper frå 20 til 150 personar, der løa tek 100-120 personar og fjoset tek 20-30. De kan også kan nytte uteområde på tunet. For dei som ønskjer kan ein også kombinere samlinga på garden med tur i heiområdet rundt. Sesongen for utleige av selskapslokala mai-oktober.

I samarbeid med lokale serveringsstader kan dei også tilby catering med fokus på kortreiste, lokale råvarer.  

 Du finn Børkjenes Gard ved å ta av mot Hamrabø på vegen mellom Nesflaten og Suldalsosen langs RV13.  

Selskapslokale ved Børkjenes Gard

Pris: Ta kontakt for eit tilbod.

Selskapslokale ved Børkjenes Gard
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.