På garden har dei utegåande ullgris, wagyu, svartfjes og villsau, og fokuset er å levere gode opplevingar med nærleik til natur og dyr. Deira spesialitet er "tre frå Træ" der dei serverer selskap og lag ein meny med tre kjøtprodukt frå eigen gard. I gardsutsalet deira som ligg under løa kan gjester også koma innom for å kjøpe med seg lokale spesialitetar heim.
I den nyrestaurerte løa har dei opna festlokale perfekt for gardsbryllup, jubileum og firmafestar i lune omgjevnadar med mykje historie som tek ein så langt som 100 år tilbake i tid med reiskap og bilde som er hengt opp i baren. Løa tek til saman 80 personar til matservering der ein får smake kjøt og råvarer produsert på garden, buffet og enklare servering. Det er også eit uteområde med bord og benker like utanføre på tunet og eit tilbygg til løa med rom for buffetservering, kjøkken og toalett.
Tilhøyrande garden er også to hytter som går under namna Kløv og Fjellro. Kløv er ei villmarkshytte med 15 senger og 2 bad, medan Fjellro har 12 senger og 1 bad. Begge hyttene er ein 5-7 minuttars køyretur frå Sand sentrum og ligg tett på eit rikt turnettverk.
Sesong: Heile året.
Kapasitet: Festlokale og 2 hytter med 15 og 12 sengeplasser.
For meir informasjon og booking besøk nettsidene deira her.