Bilde av dame på seng med panoramautsikt
Dome med seng og spisebord
Tveita Adventure. Foto: Anne Siv Aasen
Tveita Adventure. Foto: Anne Siv Aasen
Bilde av dame på seng med panoramautsikt
Tveita Adventure. Foto: Anne Siv Aasen

Tveita Adventure, Ropeidhalvøya

Overnatting
Bu i ein stemningsfull "Dome" i fjordriket på Ropeidhalvøya. Her får du fred, ro og fjordutsikt så langt du kan sjå. Om kvelden får du utforske stjernehimmelen over frå senga!

I eitt med naturen

Med skogkledde åsar og fjordar så langt ein kan sjå kan du og dine kjære slå dykk til ro ved den flotte "Dome"-en til Tveita Adventure på Ropeidhalvøya. Domen er utstyrt med dobbelseng, spisebord, kjøkken og utandørs toalettbygg. Frå Domen kan du sjå båtar som køyrer innover Ryfylkefjordane, utforske stjernene på nattehimmelen og nyte fredfulle timar.

Spanande Ropeidhalvøya

Ropeidhalvøya er eit idyllisk fjordrike med flotte, bordgøymde badeplassar, flotte turstiar og fjordarmar som berre ventar på bli utforska. Ta turen til lokalbutikken i Vatlandsvåg for å leige båt eller sykkel, besøk vingarden på Hebnes som på 1200-talet var heimen til den største høvdingen i Ryfylke eller ta inn utsikt i alle retningar frå "donninga" på Ropeidhalvøya: Grytenuten.

Tveita Adventure, Ropeidhalvøya

Domen er 38 m2, og har innlagt strøm, kjøleskap og koketopp.

Domen har ein kapasitet på 2–4 personar, med ei dobbeltseng. Det er moglegheit for ei oppblåsbar dobbelseng, eller du kan overnatte i hengekøyer som er stasjonert rett utanfor teltet.

Tveita Adventure, Ropeidhalvøya
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.