


Vikane Hyttetun er ein idyll midt mellom høge fjell og eit steinkast frå vakre Suldalsvatnet. Det over 100 år gamle gardstunet er ombygd og restaurert til gode, komfortable hytter der du ennå kan kjenna den koselege, gammaldagse atmosfæren. Den gamle løa er ombygd til 3 leilegheiter med god standard. Her kan du anten bu i Stallen, Fjoset eller Løa. Og sjølvsagt er det gamle Huset eit godt alternativ.
Ved stranda ligg badstova og badestampen. Der ligg og grillstova som blir nytta til servering for grupper. Der kan du nyta god, heimelaga mat.
Vil du utforska Suldalsvatnet på nært hald? Som gjest kan du låna kanoar – perfekt for ein roleg tur på vatnet eller eit fiskeeventyr. Fiskekort kan du kjøpe på inatur.no.
Her kan du bu i gode hytter saman med familien. Eller du kan ta med venner frå jobben på blåtur. Kvifor ikkje leggja utdrikkingslaget eller fødselsdagsfeiringa til Vikane?
Sesong: Heile året.
Kapasitet: 2 hytter med 3 soverom + loft (6-8 personar), 1 hytte med 2 soverom + loft (4 - 6 personar) og 1 hytte med 1 soverom+ loft (4 - 6 personar).
Meir informasjon og booking på nettsida deira her.

Suldal har eit rikt nettverk av DNT-turisthytter i høgfjellet. Her finn du oversikt over alle hyttene — frå enkle sjølvbetente hytter til betjente hytter med servering om sommaren.

Bu i hjartet av Sand i eit historisk bygg frå 1890 over den urbane kaféen Drøs.

Opplev Ryfylke Fjordhotell i Sand, eit perfekt utgangspunkt for fjordutsikt, kultur og aktivitetar. Nyt lokale delikatesser og eventyrlige opplevingar!

Utforsk Energihotellet på Nesflaten - en unik blanding av designarv og natur, tilbyr lokal matkultur og uforglemmelige opplevelser ved Suldalsvatnet.

Utforsk Mo Laksegard i Suldal for enestående lakseopplevelser, lokal mat og unike overnattingsmuligheter ved Suldalslågen. Perfekt for natur- og matentusiaster.

Drøs ligg i hjarta av strandstaden Sand, med både inne- og uteservering. Her får du moderne og friske smakar kombinert med tradisjonskost!

Kom tett på Suldal si rike historie, kulturarv og særprega fjellgardsmiljø ved å overnatte på Børkjenes Gard i Hamrabø. Her har de valet mellom ekte ferieidyll på gamalt vis i anten i deira to stølar oppe i Hamrabøheia eller med meir moderne fasilitetar i Kårhuset.

Bu i ein stemningsfull "Dome" i fjordriket på Ropeidhalvøya. Her får du fred, ro og fjordutsikt så langt du kan sjå. Om kvelden får du utforske stjernehimmelen over frå senga!

På Suldalsosen kan du oppleve den fantastiske suldalsnaturen som gjest hjå Osa-bu, som har både hytter og pensjonat. Her har du gåavstand til Suldalsvatnet, som blant anna er kjent for Suldalsporten.

Hjå Hebnes Fjordferie kan du nyte båtlivet og andre fantastiske naturopplevingar. Her er det kort avstand til strand og fiskemoglegheiter.

Eit tradisjonsrikt hyttetun tett på Suldalslågen. Garden har eige møterom for grupper og fiskerettar til elva.

Hjå Lågatun kan du leige hytter med fantastisk utsikt over Suldalslågen. Her kjem storfiskarar på jakt etter den store laksen kvart einaste år!

Stranddalen Turisthytte blir ofte kalla "Perla i Ryfylkeheiane". Hytta ligg til i flott fjellnatur 1000 meter over havet. Om sommaren tilbyr dei deira fantastiske trerettars middagar.

Lakseslottet Lindum er eit imponerande bygg frå tida då engelskmennene kom til Suldal for laksefiske. I dag tilbyr dei camping og hytter i avslappa omgjevnadar.