Ta turen innover fjordriket Ryfylke, med bil eller båt, til du kjem til Hylsfjorden som ligg heilt nordaust i fjordsystemet. Innover fjorden ser du små fjellgardar, sjarmerande grender og den karakteristiske Lingvongsfossen. Kanskje freistar det med den historiske ruta opp til Litunet? Heilt inst i fjorden ligg Hylen og Hylsstranda. Området var eit viktig knutepunkt for handelsmennene som kom frå Telemark og Setesdal, og blei ofte kalla Sølvkannestranda grunna rikdommen som slektene hadde opparbeida seg.
Tips til stopp:
Frå Hylen tek du turen over deg mystiske Hylsskaret mot Våge og Suldalsvatnet. Det har gått mange segner og soger om dette strekket etter hundrevis av år som viktig ferdselsveg. På guida tur med Suldalshonning vil du læra meir om desse historiene, og kanskje høyrer du til og med Suldalsjenta som blei gifta med ein huldrekall synge? Avslutt turen med eit besøk i produksjonlokala til honninggarden.
Tips til stopp:
Vidare gjekk turen for dei reisande over Suldalsvatnet. I dag går det veg ved sida av vatnet, eller ein kan leiga skyss med Energihotellet. På vegen over vatnet passerer du den ikoniske fjellformasjonen Suldalsporten og fleire historiske gardar. Kolbeinstveit og Røynevarden er vel verdt eit stopp! Ta gjerne også avstikkaren opp til Hamrabø der du kan få ei omsyning på Børkjenes gard og utforska det særprega jordbrukslandskapet som er eit del av Utvalde kulturlandskap i Noreg (UKL). I enden av vatnet ligg grenda Nesflaten, der du kan overnatta på Energihotellet og nyta deira firerettars middag basert på lokale smakar.
Tips til stopp:
Vidare går turen oppover dalen og over fylkesgrensa til Røldal og stavkyrkja, anten på bilveg eller merka sti. Gamlevegen, som blei opna i 1887, har hatt umåteleg mykje å seie for Suldal, og er i dag freda. På ein av tunellane er det pryda med «kruna» til Kong Oscar II.
Tips til stopp:
Fleire tips til denne turen og andre opplevingar får du på visitsuldal.no!
Fattnes Vestre ligg på ei landtunge mellom Hylsfjorden og Saudafjorden. Her driv dei med bakeri, skog, sagbruk, ammekyr og fjellbeitende sauer.
Utforsk Energihotellet på Nesflaten - en unik blanding av designarv og natur, tilbyr lokal matkultur og uforglemmelige opplevelser ved Suldalsvatnet.