Bønder på trappa
Dame som bakar brød
Fattnes Vestre © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Fattnes Vestre © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Bønder på trappa
Fattnes Vestre © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Fattnes Vestre

Serveringsstad
Fattnes Vestre ligg på ei landtunge mellom Hylsfjorden og Saudafjorden. Her driv dei med bakeri, skog, sagbruk, ammekyr og fjellbeitende sauer.

Kyr, sauer og nye spesialitetar

Fattnes Vestre ligg idyllisk til midt mellom den historiske Hylsfjorden og Saudafjorden. Der har folk levd av skogbruk, jordbruk og fruktdyrking sidan 1600-tallet, og kanskje enno lengre. I Vanvik var dei kjende for frukt og bær av god kvalitet.

Frå gardsutsalet i Fattnes Vestre kan du kjøpe med deg fersk helgebakst og produkt frå eigne dyr. Du kan og bestille trevirke frå sagbruket på garden. Frå bakarovnen på garden kan du smaka på deira "Skattkammer"-brød og dei har gjerne også andre spesialitetar på lur!

Fattnes Vestre kan ta i mot små grupper på bestilling.

Tett på bygda

Fattnes Vestre arbeider tett saman med nabogardar i Fattnes, Vanvik og områda rundt for å tilby deg det beste av det området har å by på. Du skal difor ikkje sjå vekk i frå at du kan kjøpe med deg urter, egg og andre kortreiste varer frå nabogardane under eit besøk.

Kombiner gjerne turen til Fattnes Vestre med å utforske turstiane i området (turkart ligg under "vandring"). Utsikten frå Fattnesnuten er magisk i godvær.

Det er og fint å bestilla seg ei visning i Rosebua på Løland. Eller kva med ein rusletur gjennom strandstaden Vanvik og ein dukkert frå badestranda?

Fattnes Vestre

Fattnes Vestre
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.