I gardstunet er det 13 bygningar frå 1700- og 1800-talet, som rommar mykje gamalt gjenstandsmateriale. Samansettinga av bygningar til ulike formål gir tunet eit middelalderpreg, samstundes som bygningane er reist ved hjelp av handverkstradisjonar som peikar langt tilbake i historia. Tunet er blant dei mest verneverdige gardstuna i denne delen av landet, og er såleis av nasjonal interesse. Riksantikvaren freda Litunet i 1974. Landskapet rundt Li er eit karakteristisk vestlandsk kulturlandskap med små åkerlappar, steingjerde og rydningsrøyser.
I sommarsesongen vil du møte eit hyggeleg vertskap, og det blir servert kaffi og vaflar. Kom gjerne innom tunet utanom opningstid og nyt nista mens du ser utover Hylsfjorden. Informasjon om opningstider finn du på ryfylkemuseet.no.