Jente utanføre KolbeinstveitJente utanføre Kolbeinstveit
Kolbeinstveit © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Kolbeinstveit © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Ungar som matar ku
Kolbeinstveit © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Museumstunet Kolbeinstveit

Kunst & handverk
Arkitektur
Serveringsstad
Utstilling
Miljøfyrtårn

Museumstunet Kolbeinstveit er frå 1850-talet, og er eit av dei mest besøkte anlegga til regionsmuseet Ryfylkemuseet. Anlegget består av ei rekkje historiske hus som både sto her originalt og som har blitt flytta hit i seinare tid. Eit høgdepunkt er Guggedalsloftet som er eit av dei eldste trebygga i Rogaland.

Om sommaren kjem museumstunet til liv med vertskap og dyr på garden. Her ønskjer dei besøkjande velkommen i tradisjonelle klede, og ein kan få vera med på guida tur, mating av dyra, ulike tradisjonelle leiker og mykje meir. Dei tilbyr også ein liten gardsmeny der ein kan få seg rykande fersk smørgraut med Suldalsskinke, vaflar eller Suldalsbete. Kva med å nyta måltidet i historisk sus i ei av stovene, eller kanskje ute på plattingen til storslått utsikt over Suldalsvatnet og fossen? Det er også utstilling i låven kvart år.

I løpet av året er det ulike arrangement på Kolbeinstveit. Her kan ein få med seg familiedag med ulike tradisjonelle leikar og aktivitetar om sommaren.

Opningstider og meir informasjon finn ein på ryfylkemuseet.no.

Museumstunet Kolbeinstveit
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
console.log(false);