Suldalsvatnet er den største innsjøen i Rogaland, og strekk seg frå Nesflaten i Nord til Suldalsosen i sør. Suldalsporten er den mest ikoniske fjellformasjonen langs vatnet, og har nærast blitt eit symbol for Suldal. Segna skal ha det til at den dagen sju systrer giftar seg på same dagen og reiser gjennom porten vil fjellsidene på Suldalsporten dette ned.
Vatnet eignar seg godt for dei som ønskjer å legge ut med båt eller kano, som du kan leige frå Energihotellet og Vikane Hyttetun. Det er også gode fiskemoglegheiter i vatnet, og fiskekort får du på inatur.no.